Ikkje lyg for oss

Publisert

Det som har skjedd i Afghanistan den siste veka, har fått mange illusjonar til å breste. Knapt nokon utanfor Afghanistan hadde sett for seg at Taliban kunne ta over heile landet så raskt. Og det er nesten uverkeleg at hæren, spesialstyrkane og politiet knapt ytte motstand. USA har åleine brukt nesten 800 milliardar kroner på å trene og utruste det som viste seg å vere eit tomt skal.

Det norske militære bidraget i Afghanistan har kosta 10,5 milliardar kroner, opplyste Forsvaret i vår. Og etter 20 år med krig, ein krig der ti norske soldatar har mista livet, sa statsminister Erna Solberg i Stortinget i mai: «En viktig lærdom fra Afghanistan er at konflikten ikke kan løses militært.» Den erkjenninga kom vel seint.

Når dei aller fleste no er himmelfalne over kollapsen i Afghanistan, er det fordi svært få har visst korleis det faktisk stod til i landet. Mykje av ansvaret ligg hos norske politikarar, som har gjeve oss roseraude framstillingar av utviklinga dei siste 20 åra. Dei har ikkje fortalt oss om den botnlause korrupsjonen i det regimet Noreg og andre land har stødd opp med pengebunkar, og dei har heilt fram til i år framstilt den militære situasjonen som lysare enn han faktisk var.

Mykje ansvar ligg òg på oss journalistar: Vi har gjort lite for å avdekkje realitetane i Afghanistan. Mange norske journalistar har vore med soldatar i felten og fortalt heroiske soger, men få har retta eit kritisk blikk på resultata av krigføringa. Eit viktig unnatak er frilansaren Anders Sømme Hammer, som gong på gong fann ein annan røyndom i Afghanistan enn den Forsvaret presenterte.

Eit enkelt døme: Da dei norske soldatane i 2012 forlét Faryab-provinsen der dei hadde ansvar for tryggleiken i sju år, sa Forsvaret seg godt nøgd med det dei hadde oppnådd. Pressetalsmann Dag Aamoth sa at «norske styrker i Faryab har sørget for å trene opp den nasjonale, afghanske hæren i provinsen fra et utrent kompani til en godt trent brigade». I realiteten hadde engasjementet i Faryab vore ein fiasko, påpeika Hammer. Krigføringa hadde fått opprøret til å eskalere, provinsen vart meir utrygg, og folk levde i konstant frykt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement