Fengsel kan vera det beste

Publisert

Dag og Tid har no ein serie om ungdomskriminalitet og straff. Frå 2016 til 2018 auka talet på registrerte straffbare tilhøve blant ungdomar under 18 år frå 13.000 til 15.500. Og talet på unge gjengangarar som gjer seg skuldige i grov kriminalitet, aukar.

Eit av dei vanskelege spørsmåla i denne samanhengen er om ein skal ta i bruk fengsel for nokre av desse mindreårige. Det er sjølvsagt ikkje ønskjeleg, men i ein del tilfelle vil fengselsstraff vera det beste. For ungdomar som gong etter gong utfører grove, straffbare gjerningar, som valdtekt, knivstikking eller ran, og der tett oppfylging med samfunnstraff og barnevern ikkje har nytta, vil fengsel kunna vera det beste alternativet.

Det er lett å demonisera fengsling av mindreårige og framstilla det som eit stort overgrep mot ungdomane det gjeld. Men her er det ikkje tale om fengsel i vanleg forstand, slik vi kjenner det frå Ullersmo og krinsfengsla. Det er tale om fengsel som er tilpassa ungdomane, og ikkje omvendt.

Ungdomsfengsla er spesialiserte og særleg tilrettelagde fengselsplassar der det vert investert mykje energi og pengar for å fylgja opp dei innsette. I Bergen, som har fire slike ungdomsfengselsplassar, er tolv fengselsvakter og tolv miljøterapeutar tilsette i turnus. Kvar plass kostar 6 millionar kroner årleg, og ungdomane får gode tilbod om behandling av rus- og psykiske problem, noko som vonleg kan bidra til å få dei ut av kriminaliteten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement