Erkjenn folkemordet på armenarane

Publisert

Representanthuset i USA røysta denne veka for å erkjenna folkemordet på armenarane frå 1915 til 1917. Det er eit viktig vedtak, for i USA har ein prøvd å få til dette vedtaket i årevis utan å lukkast.

Sjølvsagt kalla Tyrkia inn USAs ambassadør til eit møte i Ankara for å stå til rette for vedtaket. For Tyrkia nektar enno for at det skjedde eit folkemord, og seier det ikkje er prov for at kanskje så mange som 1,5 millionar menneske vart drepne.

Armenarane kalla folkemordet for «aghed», kata­strofen. Fleire hundre tusen menneske – tala varierer mellom 800.000 og 1,5 millionar – vart massakrerte, mishandla eller omkom av svolt og utmatting under den store deportasjonen av armenarar frå Det ottomanske riket til Mesopotamia og Syria. Det fyrste folkemordet i moderne tid var eit faktum.

Ufatteleg nok har berre rundt 30 land offisielt gått ut og sagt at drapa på armenarane var eit folkemord. Og fram til no har USA og Noreg ikkje vore mellom desse landa. Grunnen har sjølvsagt vore redsla for reaksjonar frå Tyrkia og svekking av USAs og Natos interesser i regionen – og norske regjeringar har etter tur fylgt pliktskuldig og servilt opp USAs nei til erkjenning.

Det er tragisk at dette skal måtta vera eit tema i 2019. Vi hadde ein sjanse på overtid til å retta opp unnlatingssynda ved 100-årsjubileet i 2015, men tok han ikkje. No når Representanthuset i USA endeleg har gjort det, er ikkje USA-serviliteten lenger eit hinder for norsk erkjenning av folkemordet. Vi må såleis snarast retta opp feilstega mot dei armenske offera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement