Den endelause valdsspiralen

Publisert

Konflikten mellom Israel og Palestina har på nytt ført til massive rakettåtak, mange drepne og fare for at situasjonen kan utvikla seg til full krig, med dei katastrofale fylgjene det vil ha.

Til no er hundretals rakettar sende inn over Israel frå Gaza. Det er meiningslause handlingar som Hamas sjølvsagt veit vil føra til harde militære åtak frå israelsk side. Dette har vi sett gong på gong, år etter år.

Denne hemnpolitikken som dominerer Israel–Palestina-konflikten, må ta slutt. For begge partar sin del, sjølvsagt, men fyrst og fremst for palestinarane sin del. Det er dei som år for år lid mest av at desse militæråtaka fram og tilbake stadig blussar opp att. Det er dei som opplever dei verste sivile tapa og dei største lidingane av bombinga.

Men også fordi desse handlingane igjen og igjen øydelegg for ei utvikling mot betre levevilkår for palestinarane både på Gaza og på Vestbreidda.

Palestinarane er den svake parten i konflikten og vil ikkje oppnå noko med krig og terror. Vi kan sympatisera så mykje vi vil med dei i den uhaldbare situasjonen dei er i, men det hjelper lite. Israel er den sterke militære parten og endrar ikkje politikk på grunn av bombeåtak frå Hamas.

Så veit vi òg at denne konflikten aldri endar om ikkje Israel sluttar med den ulovlege nybygginga og trekkjer seg ut av dei okkuperte områda. Det må seiast klart og tydeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement