JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Vaffel

Ekte hjarte krev kjærleik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
For mykje av det gode gjev god vaffel. Men plata i botnen må òg vere god.

Foto: Stefan Kampf/Wikimedia Commons

3704
20180302
3704
20180302

Kven skulle tru at den audmjuke, vesle vaffelplata var slik ein historieskapar? Sjømannskyrkja i København lagar verdas beste vaflar, men at kyrkjene serverer vaflar i det heile, kjem truleg av trongen til eit ugjæra brød å servere til nattverden. Mannen bak Østfolds stoltheit pølse i vaffel skal ifylgje rykta vere ingen ringare enn Eyvind Hellstrøm, som saman med broren Jan gjekk tom for vaffel ei natt i onkelen Arne Iskrems pølsebod i Moss.

Patentert i 1869

Om vaffelhjartet har reist kringom verda og skapt tidlause historier, er opphavet til vaffeljernet derimot opplese og vedtatt. Det vart patentert av amerikanaren Cornelius Swarthout 24. august 1869 – sjølv om det truleg var vaffeljern i Nederland så langt attende som på 1400-talet. Swarthout hadde sjølv nederlandske forfedrar. Dette vaffeljernet høvde i staden for omnsringane på vedfyrte svartomnar.

Det finst vaflar utan mjøl, utan sukker, utan smør, utan egg, utan mjølk, utan kardemomme og utan sjel. Kva er då att av kjernen i vaffelen?

Ikkje mykje – bortsett frå akkurat denne steikemetoden. Det ruglete jernet med varme frå begge sider gjev sprø steikeskorpe med stor overflate: rett og slett meir karamellisert skorpe enn det du til dømes får på ei pannekake. Om ein slår det saman med kraftig bruk av hevemiddel, som ein som regel gjer, sit ein att med eit bakverk (eller steikverk) som er sprøtt utanpå, og mjukt og luftig inni.

Meir enn funksjon

Det skal altså ikkje særleg mykje til for å få ein vaffel heil ut av jernet. Faktisk skal det ikkje meir til enn det Mølleren tilbyr i si ferdige vaffelblanding: I boksen er det kveitemjøl, sukker, bakepulver, salt og vanilinsukker. Heime på kjøkkenet skal du sette til matfeitt og vatn.

Ja, det fungerer, men sidan sukker og vanilin er det einaste i røra som har eit minimum av aroma, vert smaken deretter: som søt papp. Eg kan ikkje tenke meg noko særleg mykje tristare.

Det er heldigvis ikkje slik at om du ikkje toler mjølk eller egg, må du berre kutte det ut. Om du ikkje kan bruke egg, kan du bruke banan eller linfrø, om du ikkje toler laktose, kan du bruk syrna mjølk eller yoghurt, om du ikkje toler mjølkeprotein, kan du bruke havre- eller risdrikk. Eller epljuice, ripssaft, øl eller det aller meste anna du måtta ha i skuffer og skap. Det einaste som synest umogleg, er å ende med mindre kreativitet og kjærleik enn det Mølleren syner.

Gje jernet innhald

Mølleren hevdar vidare at blandinga deira har eit fortrinn framfor andre vaffelblandingar: Sidan boksen er stor og har lokk, kan du bruke litt av han om gongen. Pakningen tilbyr oppskrift ned til ein og ein vaffel.

Vaflar er best som ferskvare, det skal eg gje Mølleren rett i. Sprøheita varer nemleg ikkje lenge. Men det tyder ikkje at røra ikkje kan oppbevarast ei tid: Det er ingen problem å ha røre ståande fleire dagar i kjøleskapet, om ein no skulle ha trong for ein vaffel no og ein vaffel då.

Treng ein berre litt vaffelrøre, er det kanskje like greitt å lage ho sjølv. Kjenner ein seg kapabel til å eige eit vaffeljern, bør ein òg kjenne seg kapabel til å blande mjøl og sukker. Kanskje er ein til og med kapabel og kreativ nok til å hive eit og anna meir spanande i miks-
masteren, stavmiksaren eller bakebollen. Så fullt av dingsar og ingrediensar som dei fleste kjøkken er, burde det vere det minste vi kunne forvente.

Når alt kan vere ein vaffel og vaffel kan vere alt, er det opp til kvar og ein av oss å gje jernet meiningsfullt innhald. Dei færraste vaflar treng å vere like. Absolutt ingen vaffel treng å vere keisam.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når alt kan vere ein

vaffel og vaffel kan

vere alt, er det opp

til kvar og ein av oss

å gje jernet mei-

ningsfullt innhald.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis