Kunnskap

Torskeoppdrett – den tredje bølgja

Det har vist seg å vere vanskeleg å lukkast med torskeoppdrett.
Publisert Sist oppdatert

To gonger, med tjue års mellomrom, har oppdrett av torsk blitt spådd som den neste store kystnæringa. Slik gjekk det ikkje. To gonger brast draumen etter berre få år med investeringar og framtidstru. No har det gått tjue nye år sidan den siste runden med konkursar, og oppdrettsnæringa ser, forbausande nok, ut til å vere klar for ny satsing på torsk.

Den første bølgja med torskeoppdrett starta på 1980-talet, med oppal av yngel i saltvasspollar i Austevoll. Men etter kort tid brotna bølgja på grunt vatn: Det var dårleg tilgang på både yngel og fôr, fisken vart kjønnsmogen i merdane, og for dei som klarte å få fisken fram til slakt, var det jamt over skrale prisar. Den neste bølgja kom tjue år seinare, tidleg på 2000-talet. No blei anlegga rusta for opnare hav, med ny stamfisk og med betre anleggsteknologi og risikovillig kapital henta frå den nyrike laksenæringa.

Ustø kurs

For dei som starta med torsk tidleg på 2000-talet, handla det om å vere først ute med store anlegg og mykje fisk. Hadde dei teke seg tid til det, kunne dei ha gjort seg god nytte av dei dyrekjøpte erfaringane frå opp- og nedturar i laksenæringa. Det gjorde dei ikkje. I staden staka torskenæringa ut ein ustø kurs der dei tok minimalt omsyn til sjømerka som signaliserte fare for dårleg vasskvalitet, rømming, sjukdom og skrantande fiskevelferd.

Med tjukke bunkar av risikovillig kapital i baklomma klarte optimistiske oppdrettarar likevel å firedoble produksjonen på like mange år. Men fisken voks for sakte, mange fisk vart berre magre «pinnar», medan tidleg kjønnsmogning gjorde at den største fisken døydde, eller at kvaliteten på slaktefisken vart for dårleg.

Anlegga vart stadig meir plaga med sjukdomar og rømming før prisane fall brått og brutalt i 2010. Ein av dei mest profilerte torskeoppdrettarane samanfatta det slik: «Vi dreiv oppdrett av torsk i ti år, og vi tapte ein million kroner i veka.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement