JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Svikar med hjartesvikt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2366
20201016
2366
20201016

«Svik og fals vil slå sin herre på hals», seier ordtaket. Likevel svik me kvarandre, og nokre har jamvel svik som leveveg: Her finst tollsvikarar (smuglarar) og folk som driv med kassasvik (underslag) og trygdingssvik (forsikringssvindel). Det er ikkje gjeve at alle desse svikarane har glede av sviket. Kan henda er svikferd og meinråder noko dei grip til når alt anna svik.

Den som slår opp i ordbøkene i von om å få vita kvar svika kjem frå, vert vonsviken. Me veit at svika er eit nedervt verb som ter seg mange germanske mål, men ættetavla ligg i tåke. I boka Våre arveord skriv Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman at det rimelegaste er å gå ut frå at svika er nært knytt til verbet vika. Svika kan ha hatt grunntydinga ‘vika unna’, som seinare har endra seg til ‘draga seg unna (i kamp o.l.)’ og ‘gjeva etter’. I dag nyttar me gjerne svikt og svikta når me talar om å gjeva etter i bokstavleg meining: «Det sviktar i golvet.» «Knea svikta.» «Me hoppa frå eit stupebrett med utruleg svikt.» Svikt og svikta er etter alt å døma i ætt med svik og svika, men formene er henta frå eller påverka av lågtysk.

Me kan trygt slå fast at svikløyse er betre enn sviksemd, men kan me seia at nokre former for svik er verre enn andre? Det hender at folk svik oss utan at dei eigenleg vil det sjølve. Kan henda ynskjer dei inst inne å halda ein lovnad, men so torer eller greier dei det ikkje. Denne forma for svik er på mange måtar snillare enn den svikforma som går ut på å føra nokon bak ljoset og narra dei med vilje, men sidan det ofte er dei næraste som svik oss på den «snille» måten, kan denne forma for svik gjera minst like vondt som den meir utkropne varianten.

Det er elles ikkje berre levande skapningar som svik. Orda svikhål og svikhålke vert gjerne nytta om is som har fått (ny)snø oppå seg. Underlaget gjev seg ut for å vera usvikeleg fast og trygt gå på, men er i røynda fælt glatt. Dette ukjære barnet har òg andre namn, som blindhålke. Me kan elles bruka svika om saker som skulle ha vore tette, men ikkje er det: «Støvelen svik.» «Døra svik.» Når me talar om andre former for lyte, veikskapar og gleppar, er det gjerne svikt og svikta me grip til: «Bremsene svikta.» «Menneskeleg svikt var årsak til ulukka.» «Han fekk akutt nyresvikt.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis