Dzindzi
Roman Dzjindzjikhasjvili, «Dzindzi».
Fotograf ukjend
Eg har lese om Dzindzi, eg har skrive om Dzindzi, og eg har leitt etter Dzindzi. Eg var i Washington Square Park som gutunge tidleg på 1980-talet og såg gjengen til Dzindzi, men då visste eg ikkje kven han var. Då eg var attende i parken i 2015, var han borte.
Lenge var det nesten umogleg å finna bilete av Dzindzi. Tru meg, eg prøvde. For sju år sidan fekk eg endeleg kontakt med ein svensk sjakkfotograf som hadde teke eit bilete av Dzindzi med sigaretten. Han visste han sat på gull, så forhandlingane var harde.
Dei siste åra har det skjedd ei utvikling på Internett. Det dukkar opp gamle videosnuttar og bilete som stadfestar anekdotane som har levd frå munn til munn i sjakkmiljøet i ein mannsalder.
Roman Dzjindzjikhasjvili
(f. 1944) frå sovjetiske Georgia kom seg til Vesten i 1976. I 1980-åra – då han var i verdseliten – valde stormeisteren å leva av lynsjakk i Washington Square Park på nedre Manhattan. Dzindzi vart den beste hustlaren i sjakkhistoria.
Lynsjakk er òg språk (på engelsk: banter blitz). Dzindzi tok ei brikke: «yum yum». Dzindzi sjakka motstandaren: «checky whecky». Så når han «åt» ei brikke med sjakk, vart det «checky whecky yum yum». Den språklege leiken var uendeleg. Når han «åt» ei brikke utan sjakk, kunne det lyda «yum yum no checky whecky», og når han sjakka utan å slå ei brikke, vart det difor «checky whecky no yum yum».
Sjakkfolket elska det og flokka seg rundt Dzindzi i parken. Arrogansen hans var legendarisk: «In this position Black has checkmate or better.» Mot amatørane gav han forgåve (tidshandikapp): eitt minutt mot fem. Men ikkje nok med det, Dzindzi med berre eitt minutt på klokka ville òg ta veddemål på kva for eit felt, av 64 moglege, han skulle setja deg sjakk matt på.
Eit typisk Dzindzi-uttrykk er «No har eg bonden og kompensasjonen». Ekte sjakkspelarar skjønar konteksten: Når ein ofrar ein bonde, får ein «kompensasjon» gjennom ein føremon i stillinga (til dømes åtak på kongen). Når Dzindzi spelar mot amatøren, ofrar han fyrst ein bonde, så vinn han to bønder attende – men har framleis åtak på kongen.
Det er lenge sidan Dzindzi har vore ute blant folk. Han sit føre datamaskina i eit lite husvære i New York. Ein fyr frå Hamar fortalde meg at han tok privattimar med Dzindzi over Internett til hundre dollar i timen.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.