Ord om språk
Rømling med hjarterom
Med jamne mellomrom vert me bedne om å stø noko eller nokon med pengar. Det vert rekna som godt og rett å vera raus, eller romhendt, som det òg heiter, men her som elles gjeld det å finna rette jamvekta: «Den handa som er for rom, vil snart vera tom.» Det skal vera rom for gjevmilde her i verda. På det punktet er det ikkje rom for tvil. Men dei som gjev bort mykje, kan med tida verta nøydde til å flytta frå ein treroms til ein eittroms.
Om dei har det so romsleg at dei greier straumrekningane, kan dei sitja inne i romtemperatur og hyggja seg med avisa. Det er òg vanleg å lesa på hotellrom, arbeidsrom, venterom og opphaldsrom av ymse slag. Baderom, lærarrom og gardsrom vert òg nytta. På jenterom og guterom er det visst mindre lesing no enn før. Å lesa i lasterom og hanskerom er krevjande.
Mange av dei nemnde orda viser til salar eller kammer inne i bygningar. Folk har lenge nytta rom (eng. room, ty. Raum) om slikt, men rom heng i hop med ord som viser til stader som er endå større og vidare, til dømes sletter og anna flatlende. Substantivet rom og verbet rømma (eig. ‘gjera vid, gjeva rom’) er laga av adjektivet rom, som tyder ‘vid, brei’. Til grunn for det heile ligg truleg ei rot med tydinga ‘opna’.
I rom sjø er det fritt og ope. På grisgrendte stader er det romt mellom husa (jf. rombygd, rombølt). Ledige stader på fotballbaner og liknande vert òg kalla rom («nekta motstandaren rom», «få ballen i bakrom»). Noko av det vidaste som finst, er verdsrommet – eller berre rommet («stira ut i rommet»). Det nærskylde ordet rømd kan òg nyttast på denne måten («ei ferd ut i rømda»). Ei romdrakt er dimed noko anna enn ei romleg drakt, og ei ferje som sigler i rom sjø, er ikkje ei romferje. Å reisa gjennom luftrom er lettare enn å reisa mellom ulike tidsrom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.