Frå historia

Pontius Pilatus

Pilatus i evangelia er ein feig kujon med elendig ettermæle.

Pontius Pilatus vaskar hendene sine. Utsnitt frå målarstykke av George Hinke (1883–1953).
Pontius Pilatus vaskar hendene sine. Utsnitt frå målarstykke av George Hinke (1883–1953).
Publisert Sist oppdatert

Pontius Pilatus har ei sentral rolle i hendingane i påskeforteljinga i evangelia. Som den øvste politiske leiaren for den romerske okkupanten var det han som sa den endelege dommen som førte Jesus til Golgata.

Pilatus i evangelia er ein feig kujon med elendig ettermæle. Han fann inga skuld hos Jesus og ville difor frikjenne han. Det våga han ikkje, fordi presset frå prestane og folkehopen var for sterkt. Kona hans åtvara han mot å dømme Jesus.

Så dømde han til døden ein mann han meinte var uskuldig.

Ettertida har bygt denne feigingen frå evangelia inn i språket, i levande uttrykk. Å vaske hendene offentleg for å prøve å lure frå seg ansvar, slik Pilatus gjer hos Matteus, er ærelaus ferd. Å bøye unna for å vere ven med keisaren, slik han gjer hos Johannes, er også skammeleg. Å bli send frå Pontius til Pilatus er fruktlaus vandring.

Om pilatusbiletet i evangelia er ille, er ikkje biletet av embetsmannen Pilatus i den romerske historia noko betre. Noko av det første han gjorde som ny i embetet som guvernør i Judea, var å krenkje dei religiøse kjenslene til jødane ved ikkje å respektere heilagdomane deira. Det førte til uro og blodspille.

Han vart avsett for vanstyre og brutalitet, velgrunna seier leksikonet, og send tilbake til Roma.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement