På kokepunktetMe skil ofte mellom fin kokekunst og meir kvardagsleg koking, men alle former for koking er i grunnen ein kunst. Jamvel noko so endeframt som å koka poteter må lærast. Det er mykje som kan gå gale: Kjelen kan koka over eller turrkoka, vatnet
Me skil ofte mellom fin kokekunst og meir kvardagsleg koking, men alle former for koking er i grunnen ein kunst. Jamvel noko so endeframt som å koka poteter må lærast. Det er mykje som kan gå gale: Kjelen kan koka over eller turrkoka, vatnet kan fosskoka i staden for småkoka, og potetene kan verta halvkoka eller ihelkoka. Når sant skal seiast, er det lettare å koka suppe på ein spikar enn å syta for perfekt koka poteter.
Koking inneber som regel varme av noko slag. Det finst seiemåtar som tyder på at andre faktorar òg spelar inn, jamfør vitsen om at mjølk kokar når du snur ryggen til. Ein viss temperatur må det likevel vera. Det latinske verbet coquere – opphavet til vårt koka – vart nytta om varmehandsaming av ymse slag. Ordet kunne mellom anna tyda ‘koka, steikja; gjera møyr; brenna, herda i elden’. Når me brukar koka, er det ofte tale om væske eller noko som ligg i væske, og me skil til dømes mellom å koka, steikja og grilla pølser. Koka kan likevel tena som samnemning for det å laga middag eller andre (varme) måltid: «Eg skal heim og koka.» «Kan du koka i dag?» Koka har dessutan vore nytta om å destillera heimebrent: «Han hadde koka seg litt.»
Mellom slektningane til koka finn me kjøken, kokk og biskuit (‘småkaker; hardbrend porselen’). Sistnemnde tyder eigenleg ‘to gonger steikt/koka’. I nokre målføre vert ordet kok nytta om ‘dunge, klump’, til dømes møkkok. Det ordet høyrer til ein annan ordfamilie: Kok (‘klump’) kjem truleg av kaka (‘henga saman, klumpa seg’). Kok og kaka er i slekt med kake og kjeks, men det ser ikkje ut til at desse orda har noko med koka å gjera. Avkok og oppkok er derimot kokeord, og ein ertekrok som held koken, kan lett setja sinna i kok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.