Ost med matrixeffekt
«Det er løyndomsfulle makter i han som i ingen annan norsk ost.»
Gamalost, gulost og blåost: Kanskje er dei – uansett farge – sunnare enn næringsstoffa dei inneheld, tilseier?
Foto: Berit Keilen / NTB scanpix
Scene 1: Neo ser skeptisk ned på sitt fyrste måltid utanfor The Matrix. Ei slimete masse med noko som kan sjå ut som korn. «Lukk auga, så kan du late som det er blautkokt egg», foreslår Mouse. «Det er eit eincella protein kombinert med syntetisk amino, vitamin og mineral. Alt kroppen treng», kontrar Dozer. «Det har ikkje alt kroppen treng», slår Mouse fast og byter tema.
Scene 2: Vi har flytta oss til Vik kommune i indre Sogn i 2015. Bygda hadde venta lenge på dette. Heile Vik kommune skulle få slått vitskapleg fast det dei sjølve hadde visst så godt: at å ete gamalost – osten Hulda Garborg meinte hadde «løyndomsfulle makter» – er beste måten å verte gamal på. I 2012 hadde den pakistanske forskaren Tahir Mahmood Qureshi funne blodtrykksenkande peptid (kjeder av aminosyrer) i gamalost. Han hadde testa peptida i utanomkroppslege modellar (in vitro) og funne at peptida oppformeira seg i tarmen. Altså burde gamalost, i teorien, senke blodtrykket. I tillegg fann han vitamin K2, som mellom anna er godt for hjartet.
Qureshi reiser attende til Pakistan, men doktorgradsstudent Rita Nilsen McStay tek opp tråden: Ho får 153 sprell levande forsøksmenneske som i åtte veker skal ete enten 50 gram Gamalost, 80 gram Norvegia eller ikkje ost i det heile, i tillegg til den daglege dietten. McStay kontrollerer kolesterol og blodtrykk hjå forsøkspersonane. Teorien er grei: Mager gamalost skal senke kolesterol og blodtrykk.
Men så var det ikkje det som skjedde. Stikk i strid med globale kosthaldsråd kom forsøkspersonane som åt ost, om han no var feit eller mager, ut med lågare kolesterol enn dei som ikkje åt ost. Særleg var reduksjonen tydeleg hjå dei forsøkspersonane som gjekk inn i studia med høgt blodtrykk, høgt kolesterol eller på andre måtar var i risikosona for hjarte- og karsjukdommar. Alle gruppene fekk lågare blodtrykk.
Ingen konklusjon
Kva har skjedd her? Vel, på same måte som innbyggjarane i Matrix aldri eigentleg kan vite om dei har ete blautkokt egg eller kva det i så fall smakar, kan det synast som om vi i vår – forhåpentlegvis – verkelege verd veit mykje mindre enn vi trur om kva som er godt for oss og ikkje.
Ein studie som denne er ein drope i det som ein gong skal bli eit sanningshav. Studiane peikar i alle retningar: denne er omtala på nettstaden for forsking på hjarte- og karsjukdommar. Nedst på sida får eg tips til tre relaterte nettsaker: «Mye mettet fett øker ikke risikoen for hjertepasienter», «Byttet ut mettet fett og reduserte kolesterolet» og «Redusert fedme og betennelse med både fett- og karbohydratredusert kost».
Det må vere lov å spørje: Er det nokon som lurer oss her, eller driv forskarar og leikar utan å ha peiling på kva dei held på med?
Spørsmål styrer svar
Mest truleg ingen av delane. Men det kan vere forskarar får ulike svar alt etter kva dei spør om. Nett no er det til dømes nokre som spør om næringsverdien til mat kan vere høgare enn summen av dei enkelte stoffa maten består av. Desse forskarane brukar gjerne meieriprodukt som døme, og dei kallar teorien sin «The Dairy Matrix».
Bakgrunnen er mellom anna at funna for næringsstoff i meieriprodukt samsvarar med høgare risiko for hjarte- og karsjukdommar, men at forsking som inkluderer næringsmidla i seg sjølv, som gamalostforsøket, gjerne har motsette funn. Særleg gjeld det der syrna eller fermentert mjølk er inne i biletet. Kan det vere at ulike mjølkestrukturar og ulike foredlingsmetodar kan fremje eller sette attende næringsstoff, slik at effekten på kroppane våre vert heilt ulik alt etter kva situasjon feittet, proteinet eller vitaminet opptrer i?
Om det er slik, korleis burde vi då ete? Truleg langt frå slik opprørarane utanfor The Matrix gjer. Truleg kan vi òg droppe mange former for proteinpulver, vitaminpillar og liknande næringsstoff og i staden sette kreftene inn på å få i oss mest mogleg variert mat. Verken meir eller mindre. Truleg er det ein grei strategi å fylgje, sjølv medan vi ventar på sikre svar frå vitskapen. Snart er det jo vår.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det kan vere
forskarar får ulike
svar alt etter kva
dei spør om.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?