JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Einstonige undertonar

Me kan seia noko med ein spørjande eller fortruleg tone, slå fast at «det var nye tonar» eller få høyra at me ikkje skal ta den tonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2497
20240927
2497
20240927

Samvær er strevsamt når me ikkje finn tonen. Når me spelar eller syng, kan me slita med å finna tonen i bokstavleg meining. Om me ikkje orkar å leita meir etter slike tonar, kan me retta merksemda mot andre tonar, som fargetonar og ringjetonar. Og kvar har summetonen teke vegen?

Den som skal setja tone til ordet tone, gjer lurt i å henta fram eit strengeinstrument. Tone kjem frå gresk tónos, som har grunntydinga ‘spent (streng)’ og er runne av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘tøya, retta ut, spenna’. Tone kom tidleg inn i nordisk gjennom latin. I norrønt finn me til dømes substantivet tóni (‘musikalsk ljod, tone’) og adverbet tónlaust (‘utan song’).

På grunn av framtoninga kan verbet tona (‘visa fram’, t.d. «tona flagg») fortona seg som ein slektning av tone og tona (‘gjeva frå seg tonar’). Men tona (‘visa fram’) kjem frå nederlandsk, og korkje det eller fortona og framtoning har noko etymologisk band til dei andre tone-orda. Ordbøkene koplar tona (‘visa fram’) til gotisk at-augjan. Det tyder ‘halda framfor augo’ og heng i hop med auga.

Det er ingen grunn til å tona ned at mange av tone-orda har noko med musikk å gjera (jf. òg lånord som atonal, baryton og monoton). Tonediktar og tonekunstnar viser til komponistar, og tonefylgje svarar til akkompagnement. Her finst tonearter, halvtonar og heiltonar, folketonar, fulltonande song og mangt anna som kan tona ut i rommet.

Dirigenten gjev koret tonen i bokstavleg meining, og tonegjevande (bm. toneangivende) vert jamt nytta metaforisk i tydinga ‘førande’ (jf. òg «slå an tonen»). Overtone og undertone er omtykte ord for haldningar, stemningar og anna som ikkje kjem ope eller sterkt fram, men som likevel kan merkast.

Tale er òg tonar (jf. talemusikk, setningsmelodi). Tonefall er eit ålkjent ord, men mange har òg høyrt om tonelag (òg kalla ordtone og tonem). I mest alle norske målføra har bønder og bønner ulikt tonelag, til dømes. Røysta vår ber òg fram stemningar og innstillingar: Me kan seia noko med ein spørjande eller fortruleg tone, slå fast at «det var nye tonar» eller få høyra at me ikkje skal ta den tonen.

Ein framifrå tonekunstnar som er sosialt uvyrden, får radt høyra at hen er tonedauv, for tone tyder òg ‘(tilrådd) måte å vera på’, («takt og tone», «god tone»).

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis