Nytt frå
Midtausten
Boris Gelfand (50) inkarnerer det beste frå den sovjetiske sjakkskulen.
Foto: brandesautographs.com
Alle skal kritisera Saudi-Arabia. Under verdsmeisterskapen i hurtig- og lynsjakk i 2017 fekk ikkje spelarane frå Israel visum av di arabarane hatar jødane. Men saudiarane hatar òg persarane, så iranske spelarar fekk heller ikkje innreise. Så på eit plan jamna det seg ut med ein hatsymmetri ein sjeldan har sett i sportsverda.
Problemet er likevel at Israel og Iran er to gigantar i sjakkverda, medan Saudi-Arabia ville ha tapt 0–10 mot regionen Vestland. Sjakken treng Israel og Iran uendeleg mykje meir enn pengane til saudiarane.
Iran – saman med India – er ei av to vogger i sjakkhistoria. Spelet blømde gjennom 1300 år, fram til den islamske revolusjonen i 1979. Etter forbodslina til Khomeini er sjakkstormakta no endeleg attende. Iran har juniorverdsmeisteren og fleire av dei største talenta både hos gutane og jentene.
Israel vart ei stormakt med oppløysinga av Sovjetunionen 1991. Heile landslaget er russisktalande. Den aller beste, den tapande VM-finalisten i 2012, Boris Gelfand (50), kom frå Kviterussland. Israel, med under ni millionar innbyggjarar, har 48 stormeistrar – tre gonger så mange som den unge sjakkgiganten Noreg.
Men kva skjer eigenleg når ein iranar møter ein israelar på brettet? Svaret er at det skjer ikkje. Det som ikkje skjer, fekk vi nyleg sjå i Stockholm. Iranske Aryan Gholami (17) nekta å spela mot jamgamle Ariel Erenberg. Det iranske talentet vart dømt til tap i partiet, men burde svenskane ha reagert kraftigare og ekskludert han frå turneringa? Den iranske tenåringen sa at han ikkje hadde noko personleg imot israelaren, men at han ville ha fått speleforbod i internasjonale turneringar av det iranske forbundet om han hadde møtt til partiet.
Fyrst med denne saka skjøna eg at det var noko muffens med VM i hurtig- og lynsjakk i St. Petersburg i romjola. Arrangøren sytte for at borna av den sovjetisk-israelske sjakk-kulturen ikkje møtte borna av den persiske sjakk-kulturen. Rundeoppsettet var manipulert heile vegen. Magnus Carlsen spela til dømes mot både Gelfand og iranske Alireza Firouzja, men Gelfand og Firouzja kunne ikkje møtast.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.