JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Mellommåltid

Å telje kaloriar handlar ikkje berre om å finne færrast mogleg av dei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Om kaloriane er få, kan manglane vere store, sjølv når det er sjokolade med i biletet.

Foto: Wikipedia

4179
20180223
4179
20180223

Liten og uskuldig ligg han der og ropar på meg. Rett ved kassen, medan eg er både på mitt mest svoltne og mest sårbare og har tid til overs, fortel den vesle müslibaren meg akkurat det eg helst vil høyre: Litt er lov.

Produktserien frå den Scandza-eigde snacksprodusenten Sørlandschips inneheld tre müslibarar og ei sjokoladetrekt riskake som alle lovar oss at dei inneheld maksimalt 99 kaloriar kvar og difor er innanfor det vi alle kan tillate oss av eit lite mellommåltid.

Det verste er at produktnamnet sjølvsagt er heilt rett: Litt er lov. Vi vert på ingen måte lukkelege, mest truleg heller ikkje særleg mykje tynnare eller friskare, av stadig å rekne på og kjenne dårleg samvit for kvar einaste kalori vi stappar i oss.

Likevel er det vanskeleg å ikkje seie seg samd med Landsforeningen for Overvektige, som førre veke gjekk ut mot ein Rema 1000 butikk i Kristiansand: Butikken reklamerte for smågodt i lausvekt med at «Litt er lov – hver dag».

For litt er jo så vanskeleg med nettopp smågodt, der posane er store og utvalet enormt. Difor er det kanskje eit poeng med ein avgrensa, individuelt innpakka müslibar eller ei riskake. Men det gjer diverre ikkje Litt er lov til nokon konstruktiv, helsefremjande produktserie.

Kaloriutfordringa

Alle veit at godteri er eitt hundre prosent usunt, berre til lyst, fri for fysisk nytte. Slik tenker vi ikkje nødvendigvis om müslibarar. Likevel treng dei ikkje vere noko sunnare.

Utfordringa i Noreg i dag er ikkje å få i seg nok kaloriar. Det har dei fleste skjøna, Sørlandschips inkludert. Men ho er heller ikkje berre så enkel som å få i seg færrast mogleg kaloriar. Ernæringsutfordringa à la 2018 kan best definerast som korleis få i seg alle næringsstoffa ein treng, utan samstundes å få i seg for mange kaloriar.

Raffinering og foredling er dei store syndarane her. Havregrauten vi et i dag – for ikkje å snakke om havrekjeksa som er ein del av müslibaren eg fall for ved kassen – er på langt nær så næringsrik som grauten Vinje fekk på Grut: «grauten som stod med piggar sett som busti på ein griserygg, og skura ned gjennom halsen liksom når grantoppen vert slipa og dregen ned igjennom omnspipa». For sjølv om vi kanskje ikkje får særleg næringsverdi ut av nett desse piggane – kjem vi ikkje unna at vi mistar næringsstoff når vi fjernar dei. Når vi aukar avlingar per dekar, er det vanskeleg å unngå å redusere mengda næringsstoff per kilo avling: Vi klarer ikkje å avle for auke i alle næringsstoffa samstundes.

Og verst er det med dei næringsstoffa vi nyttar mest, som fin kveite og mais, som knapt inneheld anna enn stivelse. Müslibaren frå Litt er lov inneheld om lag ein tredjedel sukkerartar. Nokre næringsstoff er det nok å finne i ingrediensar som havreflak (19 prosent) og kakaomasse, men dei veg ikkje opp for dei dominerande næringstomme ingrediensane: sukker (fyrst på lista), maismjøl, rismjøl, fruktose, glukosesirup, aroma og så bortetter.

To tankar og eitt svar

Vi har rett og slett gjort verda vår så komplisert at vi er nøydde til å ha to tankar i hovudet samstundes, sjølv når blodsukkeret er på sitt lågaste: Få kaloriar veg sjeldan opp for lågt næringsinnhald. Og dei viktigaste næringsmidla er sjeldan å finne på deklarasjonen på pakningen: Her er det stort sett berre protein, feitt, karbohydrat og salt som får plass.

Heldigvis har naturen og daglegvarebutikkane våre gjeve oss svaret: nøtter. Nøtter er supermaten som er så super at han ikkje treng å kallast supermat.

Det er godt, det er enkelt, det er overraskande bra til å tilfredsstille søtsug, og ikkje minst er nøtter framleis gode på både dei store og dei små næringsmiddelgruppene: Her får du sunt feitt, fiber, protein, antioksidantar, mineral og vitamin – alt i ein pakke.

Kjøper eg Litt er lov müslibar? Nei takk, eg kjøper i staden ein liten pose nøtter om eg er redd for å ikkje klare å stoppe, eller ein stor som eg porsjonerer ut, sjølv om eg fyrst vil tenkje med lommeboka.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ernærings-

utfordringa à la 2018

kan best definerast

som korleis få i seg

alle næringsstoffa

ein treng utan sam-

stundes å få i seg for

mange kaloriar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis