Mannen
på flanken
Sjakkgeniet Richard Réti (1889–1929) døydde 40 år gamal av skarlaksfeber.
Foto: Ernst & Cesanek
Då Magnus Carlsen i 2013 skulle gjera det fyrste VM-trekket med kvit mot Vishy Anand, var spekulasjonane mange: kongebonden eller dronningbonden? Svaret overraska alle: Ein tydeleg nervøs Carlsen spela på flanken: Rétis opning!
Richard Réti er ein av dei mest originale karakterane i sjakkhistoria. «Aldri har eit geni spela så dårleg så ofte som Réti», kunne ein lesa i ei sjakkbok frå 1933. Jamvel om han slo verdsmeisteren Capablanca og den seinare verdsmeisteren Alekhin i New York i 1924, var det ikkje turneringsspelet han vert hugsa mest for.
Han voks opp i ein jødisk familie i Slovakia, som var ein del av imperiet Austerrike-Ungarn. Storebror hans, som sjølv vart musikar, fortalde om ein dag borna såg far og mor spela sjakk, slik dei ofte gjorde om kveldane. Richard var seks år gamal. «Eg vil òg spela», sa Richard etter seansen. «Men du kan jo ikkje reglane», sa faren. Richard byrja gråta, og faren gav etter. Dei spelte eitt parti – som Richard vann. Og resultatet vart det same i neste parti. Resten av familien trudde ikkje det dei såg. Guten hadde lært sjakk ved å sitja stille og sjå på foreldra spela. Liknande historier finst òg om Capablanca og Kasparov.
Réti drog til Wien for å studera matematikk. Han gjorde stor suksess før han miste notatboka med eigne formlar og prov han hadde førebudd til doktorgraden. Etter den fyrste verdskrigen tok han valet om å leva som sjakkspelar og sjakkfilosof. Han vart ein leiande figur i hypermodernismen. Réti byrja utvikla lauparen til flanken, ein sokalla «fianchetto», som norske sjakkspelarar i 90 år uttala «fiansjetto», men som vi på TV frå 2014 byrja uttala på italiensk vis «fianketto». Kor som er, Réti skjøna det ein lenge hadde skjøna i militær strategi: Ein kan kontrollera sentrum indirekte frå flanken.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.