JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Makta og lova

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå venstre Washington, Jefferson, Roosevelt og Lincoln, medan Adams glimer med fråvær i Mount Rushmore-monumentet; han sende ein landsmann til det britiske skafottet.

3934
20170630
3934
20170630

Rettsstaten inneber at alle, også makta, er bundne av lova. Det britiske omgrepet the rule of law er i så måte betre og meir presist enn vårt, rettsstaten. Lova styrer, og ho styrer alle. Ho garanterer rettferd for borgarane og at makta ikkje kan gjere som ho vil.

Vegen til rettsstaten har vore lang. Mange vil hevde at vandringa starta i 1215, i England. Der la stormennene fram sitt Magna Charta Libertatum, det store fridomsbrevet. Det sikra stormennene mot overgrep frå kongen. Skattlegging måtte godkjennast av riksrådet. Alle hadde krav på å bli dømde av likemenn når dei møtte i retten. Kyrkja fekk meir makt i eigne saker.

Det vart lagt band på makta.

Nedturen for kongsmakta hadde starta. Stormennene fekk meir makt og fleire rettar. For folk flest var rettsløysa som før. Det tok lang tid før dei nærma seg maktapparatet.

Etter kvart vart denne maktspreiinga nedfelt i skrivne konstitusjonar, såkalla grunnlover. Det var ei slik grunnlov vi fekk på Eidsvold i 1814. Kongen fekk ei nasjonalforsamling, rettnok vald av få, til å streve med. Konfliktfritt vart ikkje dette.

USA har i dag ein president som slit med å forstå korleis konstitusjonen avgrensar makta hans. Gong etter gong opplever han at rettsapparatet, med grunnlova i handa, stansar dei gode ideane hans. Dommarar, til og med borte på Hawaii, kan etter grunnlova stanse ein styringskåt president. Og dei gjer det.

Kjetil B. Alstadheim skriv om lagnaden til president John Adams, USAs andre president, i Dagens Næringsliv for 17. juni: I 1797 gjorde mannskapet på fregatten «Hermione» mytteri mot ein svært brutal kaptein – den vondaste kapteinen i den engelske marinen, er det sagt. Ni offiserar vart slakta og kasta på havet.

Det vart ei intens jakt for å finne mytteristane. Ein av dei vart gripen i Charleston i USA i 1799. Britane, som hevda at han var irsk, ville ha han utlevert. Sjølv hevda han at han var fødd i USA. Så greip presidenten inn og sa at mytteristen skulle utleverast. Så vart gjort, og han var hengd på Jamaica kort tid etterpå.

Dette utløyste ein politisk storm som medførte at Adams tapte presidentvalet mot Thomas Jefferson i 1800. Jefferson meinte at Adams hadde utlevert ein amerikanar til britane. Og om no mytteristen skulle vere irsk, som britane påstod, hadde han likevel krav på å bli dømd etter amerikansk lov.

Adams’ side i debatten forsvarte seg med at mytteristen var irsk, noko som medførte at den store irske innvandrargruppa vende seg mot Adams, og han tapte valet.

Innvandrardebatten i USA den gongen handla mykje om redsla for «hordar» av «wild Irishmen». Det fanst glør å blåse til.

Saka fekk politiske konsekvensar. Då USA i 1842 skreiv under ein utleveringsavtale med Storbritannia, stod det å lese at utlevering ikkje kunne skje ved politiske brotsverk, som mytteri og desertering. Nokre år seinare kom det ei lov om retten til politisk asyl.

Den nye presidenten, Thomas Jefferson, formulerte tanken slik i 1801, året etter valet: «Shall oppressed humanity find no asylum on this globe?»

Veljarane i USA, denne nye staten med fersk grunnlov, aksepterte ikkje at presidenten tok seg til rette og braut sentrale prinsipp i rettshandteringa. President John Adams vart send heim, og nye lover kom etter kvart på plass for å sikre sentrale verdiar mot styringsivrige presidentar.

Det er sagt at den amerikanske konstitusjonen er så solid at ikkje eingong ein idiot kan greie å øydeleggje han.

John Adams ville verne landet mot farlege irar og mytteristar. Dagens amerikanske president vil verne landet mot muslimar og farlege terroristar.

Dei amerikanske veljarane straffa John Adams for handlingsviljen sin.

Donald Trump har så langt hatt problem med konstitusjonslojale lokale dommarar, som trufast forsvarar den konstitusjonen han sjølv lova å forsvare då han svor presidenteiden.

Konflikten er ikkje ny. Å lovbinde makta er eit livsviktig og kontinuerleg arbeid i siviliserte samfunn.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis