Ord om språk

Kjærleik og hor

Publisert Sist oppdatert

Kjære vene, kva er tanken bak tittelen denne veka? Å fanga merksemda til lesaren? Ja, men aller mest har det med etymologi å gjera. Kjær og hor er runne av same rota. Me har lett for å tenkja på kjærleik som noko høgt og vent og hor som noko lågt og stygt, men dei to sakene er radt ikkje so ulike likevel.

Den sams rota til kjær og hor er indoeuropeisk og tyder ‘tykkja om, attrå, ynskja’. Av same rota kjem sanskrit kámah (‘kjærleik, ynske’), som me finn att i tittelen på ei kjend lærebok i kjærleikskunst: Kamasutra. (Sistelekken sutra kjem av eit ord som tyder ‘tråd’. Det heng i hop med vårt sy. Sutra er nytta som nemning for hinduistiske og buddhistiske lærebøker og kan då tolkast som ‘snor av reglar, leietråd’.)

Andre ord i denne ætta er engelsk caress (‘kjærteikn’), cherish (‘setja høgt; verna om’) og charity (‘nestekjærleik, milde, velgjerd’, jf. latin caritas ‘høg pris; dyrtid; kjærleik; velgjerd’). Her finn me òg det latinske adjektivet carus (‘kostesam; elska, avhalden’). Det hadde forma ker i gamalfransk (i dag: cher). Ordet vart tidleg lånt inn i germansk og fekk forma kærr i norrønt, som seinare vart kjær.

Verbet kjæra (‘klaga, anka’, jf. påkjæra, kjæremål) høyrer ikkje til her. Både det og engelsk care (‘sorg; omhug, stell’) heng i hop med eit germansk ord for ‘sorg’. Kva med forkjært? Nei, det kjem frå lågtysk vorkeren (‘venda, vrida på’) og har grunntydinga ‘vend i galen lei’. Elles er det vanleg å kjæla med kjærasten, men kjæla og kjælen kan ha med kald å gjera: Ein tenkjer seg at den kjælne er frostal og kjensleg og treng omsut og kos.

Det kjende og kjære ordet kjærleik finn me alt i norrønt: kærleikr (og kærleiki). Me ser lett at svensk kärlek svarar til vårt kjærleik, men kva er greia med kjærlighet? Til grunn ligg truleg gamaldansk kærlek, som opplagt er same ordet som kjærleik og kärlek. Med tida vart kærlek til kærlegh, og so vart det kærlig. Dimed fall ordet saman med adjektivet kærlig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement