Judas Iskariot
Var Judas’ svik nødvendig om Guds frelsesplan skulle bli realisert? Glasmåleri i Sainte-Chapelle i Paris.
Judas Iskariot har eit elendig ettermæle. Han sveik Meisteren på grotesk vis. Han hadde ansvaret for felleskassa, som han stal frå. Og han meinte i fullt alvor at det var sløsing å bruke dyr salve til å salve Meisteren. Fattigfolk burde heller få pengane, sa den økonomisk ansvarlege i Meisterens følgje.
Heime på Finnøy var det ein del av bedehushumoren å kalle kasseraren i laget for Judas. Det vart tolerert.
Namnet hans er blitt eit internasjonalt skjellsord, som vårt eige Quisling. Judaskyss er giftige saker, og judaspengar følgjer det lite ære med. I Dantes helvete er Judas forvist til det nedste rommet, som han deler med Brutus og Cassius, som sveik Cæsar. Der skal dei lide i all æve, i kjeften på Satan.
Judas har liten plass i evangelia. Og det som blir fortalt, er usselt og elendig: svik, nasking og pengegnål. Ettertida har hatt problem med dette. Éin ting var at sviket hans var nødvendig om Guds frelsesplan skulle bli realisert. Var han då ikkje under Guds allmektige styring? Kunne han då bere ansvaret for det som såg ut som eit svik? Var det ikkje som det skulle og måtte vere?
Og dessutan: Var det ikkje Jesus sjølv som hadde valt seg ut Judas? Var det ikkje han og Faderen som hadde regien? Måtte ikkje Jesus sjølv bere mykje av ansvaret for katastrofen som kom, ved elendig tilsettingspraksis? Arnulf Øverland har skrive ei novelle der han lèt Judas skrive eit brev heim til Kerioth, der han fortel om då Meisteren kom dit og kalla han. Dette var starten på ein livslang katastrofe. Han gjekk frå alt og miste alt.
Dette var krunglete tankar som levde gjennom hundreåra. I 1978 vart det funne eit papyrusskrift i ei hole ved Nilen. Manuskriptet kalla seg sjølv Judasevangeliet. Språket er koptisk, og evangeliet er truleg skrive på gresk i det andre hundreåret etter Kristi fødsel. Det var kjent i antikken, og biskop Ireneus i Lyon dømde det som kjettersk i år 180 e.Kr. Så vart det borte, og det dukka altså først opp 1800 år seinare. Forskarane meiner det er skrive i ei gnostisk sekt i Egypt, ei sekt kyrkja såg på som vranglærar.
Judasevangeliet fortel om Jesu siste dagar. Her er det Judas som står Jesus nær. Jesus kritiserer dei andre apostlane. Han ler av dei fordi dei bed til «guden deira», den katastrofale guden som skapte verda. Dei er som ein prest i tempelet, som plantar «tre utan frukt, i mitt namn, på ein skammeleg måte». Han vende seg til Judas: «Du skal ofre den mannen som innhyller meg», seier han. Det er Judas som forstår Jesu bodskap. Han bed Judas melde han til romarane, slik at Jesus kan fullføre den oppgåva Gud har gitt han. Men Jesus forstår kva dette vil innebere for Judas: «Du vil bli forbanna!»
I evangeliet har Jesus og Judas fleire samtalar. «Sjå på himmelen og stjernene,» seier Jesus. «Den stjerna som viser veg, er di stjerne».
I Bibelens evangelium får Judas ein ussel død, som den svikaren han er. Då han ser kva han har gjort, går han bort og hengjer seg. Etterpå ramlar han ned frå galgen og sprekk i to. Så mykje verre kunne det ikkje bli.
I Judasevangeliet endar han livet på heilt anna vis, skildra med ord som knyter døden hans til Jesu ord om himmelen og stjernene. Judas blir borte i ei skinande sky. Folk på bakken høyrer ei røyst frå skya, men det røysta seier, er borte i ein brest i papyrusen, så det får vi aldri vite.
Men det er ein langt meir storslått utgang på livet enn det han får i vår bibel.
Så er Judasevangeliet ei rehabilitering av Judas Iskariot, ei reinvasking som blir avslutta med ei himmelferd. Fagfolk har godkjent skriftet som ekte, og tidfest det til å vere litt yngre enn dei bibelske skriftene. Det, og andre funn, fortel at det var mange ulike tradisjonar ute og gjekk i dei første hundreåra av tidsrekninga vår.
Éin av tradisjonane såg det som ei oppgåve å berge ettermælet til Judas Iskariot. Det viste seg å vere umogeleg. Dei etablerte evangelia fekk gjennomslag for sin versjon, og judasevangeliet vart berre ein arkeologisk sensasjon.
Ettermælet til Judas Iskariot lèt seg ikkje redde.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.