Ord om språk

I stuttaste laget

Publisert

Noko av det beste med nynorsken er den sterke stillinga til det snertne ordet stutt. Visst har me stutt i bokmål òg, og nokre veit å nytta det, men i bokmålstekster flest er det mykje kort og fint lite stutt. Stutt sagt: Stutt har drege stuttaste strået. Kort er både kort og godt, so her er ikkje tale om å knerta det med stuttorvet og hiva det ut. Men når svært mange av oss nyttar stutt i tale jamt og samt, er det rimeleg at ordet får svinga seg i skrift òg.

Stutt (norr. stuttr) har vist seg å vera alt anna enn stuttliva i islandsk og færøysk (stuttur i båe måla). I svensk og dansk er stoda mindre lysteleg, men ordet er registrert i målføra (høvesvis stutt, stunt og stut, stunt). Gamalengelsk stunt tydde ‘dum, tåpeleg’ (jf. stuttenkt), og det engelske verbet stunt (‘hemja i voksteren’) skal vera i ætt med stutt. Me veit ikkje for visst kvar ordet kjem frå. Nokre har gissa at stutt er skyldt det latinske verbet tondere (‘skjera, klippa av’), og at grunntydinga var ‘avkutta, tilskoren’. Eit anna framlegg er at stutt heng i hop med støyta. Då kan tydinga ha gått frå ‘avstøytt’ til ‘butt’ og ‘kort’.

Kort lyt òg få vera med: Det er eit gamalt lån frå latin curtus (‘avstytt’), som venteleg kjem av same rota som skjera. I norrønt ter det seg som tilnamn, til dømes Eilífr korti. I Norsk Ordbog skriv Aasen at kort er eit «nyere ord», og han opplyser at folk fyrst og fremst nyttar det om tid. Stutt har opplagt vore det vanlegaste ordet for ‘ikkje lang’.

Mange av samansetjingane med stutt viser til kropp og klede. Me kan ha stuttbukse, knestutt kjole og jamstutt stakk. Kan henda har me stytteband, styttingsband eller stuttoppband òg (‘belte eller band til å binda opp klede med’). Me sjølve kan mellom anna vera stuttvaksne, stuttsynte, stuttklipte, stuttfingra, stuttjukke og stutthalte (‘låghalte’). Stuttbeinte folk har radt fått høyra at dei er «stutte i lortfallet».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement