JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hesten og posten

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nånting annat

Nånting annat

Nånting annat

Nånting annat

3981
20161111
3981
20161111

Hesten hesten har avslutta si gjerning på våre kantar. Gjennom tusenåra har han drege mange tunge lass og tunge plogar. Han har gjeve massive tilskot til maten, levemåten og levestandarden til oss menneske. Og han har blodig og trufast vore med menneska i krigen.

No er han borte frå strevet, frå skogen og åkrane, frå krig, hestevandring og slit. Og frå lesebøkene.

Men han har fått eit fysisk reservat i sporten. Verda over samlast folk for å sjå hestar springe etter kvarandre, med kusk eller ryttar til å jage på. Han har, som oss andre, vandra inn i den romslege fritida.

Og så har han funne seg eit rom i språket. Språket har eit godt minne. Alle dei glupe motorane våre blir målte etter kor mange hestekrefter dei får i stand. Og kavalerane gjer framleis lukke hos damene, som kavaleriet framleis har ein plass i krigstenkinga. Kavaleren var ein hestekar, og kavaleriet var hestedelen av hæren, før stridsvognene tok over og vart kavaleriet.

At vi dagleg minnest hesten når vi går til postkontoret eller postkassa, er det nok få som tenkjer på. Organisasjonen som steller med post, brev, pakkar, pengar og alt det andre, finst overalt, og i dei språka eg kjenner, heiter han Posten. Latinen var ein gong det dominerande språket i vår verdsdel. Og det er romarane og latinen som har levert namnet.

Opphavet er posita statio equorum, nemninga for den staden der hestane kunne stanse i Romarriket, hestestasjonspost, ordrett omsett. Statio har vi teke med oss i togstasjonane våre, og posita har vi med oss i posisjon, postering, og post, både i orienteringsløp og poststell. Equus tyder ‘hest’, ei nemning som vart borte med latinen.

Det var også romarane som hadde det første organiserte poststellet. Hestar og menn bar posten frå stasjon til stasjon. Systemet var einast for statlege meldingar. Noko system for private sendingar fanst ikkje, kan leksikonet fortelje. Først i mellomalderen kom det eit system for privat post, for dei som hadde bruk for noko slikt, kloster, universitet, dei framveksande byane.

På 1500-talet kom dei statlege postorganisasjonane, med statleg drift og ansvar. Frankrike var først, i 1576. Så gjekk det slag i slag. Christian IV skipa det danske poststellet i 1624, Hannibal Sehested grunnla det norske i 1647.

Jernbanen og dampskipa sette fart i postsendinga verda over. Den første verdspostforeininga kom i 1874.

Men å sende post landet rundt, og verda rundt, kravde ressursar og kosta pengar. Desse pengane måtte samlast inn. England vart eit føregangsland her. Lenge varierte portosatsen med avstanden. Og mottakaren måtte betale portoen for det meste. Dette var upraktisk.

Rowland Hill var ein engelsk pedagog som interesserte seg for posten. I 1837 gav han ut ei skrift, The Post Office Reform. Der gjorde han framlegg om at brevportoen skulle vere den same landet over. Han hadde funne ut at det var vekta som utgjorde kostnaden ved postsendinga, ikkje avstanden. 10. januar gjorde Parlamentet vedtak om at slik skulle det vere. Og ei nyskaping, frimerket, dukka opp. I mai same året kom dei første engelske frimerka ut, eit svart frimerke for 1 penny og eit blått som kosta 2 penny. Dronning Victoria i profil prydde begge to.

Og no skaut utviklinga fart. Verda kom etter, Brasil først, i 1843. 1. april 1851 kom dei første danske frimerka, 1. januar 1855 kom dei første norske, dei svenske kom same året.

Rowland Hills frimerke vart ein suksess. Alt var forenkla, og posttrafikken tok seg sterkt opp. Og ein ny hobby dukka opp, frimerkesamlinga. Filatelistane vart fleire og fleire. Ein franskmann smidde namnet deira, laga av gresk fil, som tyder ‘ven’, og ateleia, som tyder ‘avgiftsfri’. Frimerket fortalde at portoen var betalt. No var brevet, eller postsendinga, fri til å finne adressaten sin.

Så fekk romarane og hestane deira gje namnet til poststellet, medan grekarane gav nemninga til frimerkesamlarane.

Språket hugsar for oss, jamvel når posten er datorisert og hestelukta er borte.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis