JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Frukt

Nok ein gong: Det er ikkje storleiken det kjem an på.
I alle fall ikkje den horisontale.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hardanger er Noregs frukthjarte – men berre om både små og store får vere med.

Foto: Jan Dahl / NTB scanpix

3598
20180413
3598
20180413

Kva er det som avgjer kva mat vi produserer i Noreg? Klimaet har sjølvsagt ein del å seie: Vi dyrkar kveite og potet, ikkje ris og mais. Så har vi marknaden – uansett kor hardt enkelte forsøker, har det berre i avgrensa grad lukkast å få deg og meg til å ete tang, tare og insekt. Sist, men ikkje minst, har vi politikken – og med han, dei statlege pengane. No, når det går mot jordbruksoppgjer, kjem vi mest truleg til å sjå meir til denne openbert viktige sida av saka.

Nokre gonger er det likevel uventa sider av politikken som får utilsikta stor påverknadskraft på matproduksjonen vår. Som når samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til eit nytt fylke fører til at Innovasjon Norge slår saman retningslinjene for grensa for kva frukt- og bærhagar som får stønad. Der ein i Sogn og Fjordane har fått stønad til areal større enn fem dekar, har ein i Hordaland fått stønad frå tre dekar. Det vil Innovasjon Norge no gjere slutt på.

Dyr etablering

Stønaden går til både fornying og nyplanting av frukthagar og dekkjesystem for bær. Ein kan få tilskot på opp til 35 prosent av kostnadane. Å etablere fruktfelt er ikkje gratis: Rettleiande kostnadsoverslag seier 75.000 kroner per dekar for planting av eple og pære, 60. 000 kroner for plommer og opp til 125.000 kroner per dekar morellar med dekkjesystem. Tre, vatnings- og gjødslingssystem kostar pengar. Og sidan avlingane ikkje er særleg store dei fyrste åra, kjem utgiftene langt føre inntektene. Då seier det seg sjølv at ein vil strekke seg langt for å kome inn under ei slik tilskotsordning.

Verken tre eller fem dekar er særleg store teigar. Ein gjennomsnittleg Biltema-butikk er om lag 3000 kvadratmeter stor. Er det likevel den horisontale storleiken som skal vere avgjerande for om eit område er drivverdig som frukthage eller ikkje?

Lys er avgjerande

Kva er det som burde vere avgjerande? Mange ting, sjølvsagt, som motivasjonen til bonden, nærleiken til eit fruktlager, temperatur og jordsmonn. Men kanskje bør ein likevel ha eit særleg blikk for lysforholda – eller innstrålinga, som det heiter på fagspråket: kor mykje sollys som treffer frukttrea på ulike tidspunkt i sesongen.

Midt på sommaren står sola høgt og treffer breitt. Men frukt som eple og pære treng ikkje berre lys om sommaren, dei treng lys utover hausten òg. Då kryp gjerne tilgjengeleg areal oppover dalsidene, vert brattare – og mindre. Areal som ikkje er lønsame til annan drift, kan vere det til fruktproduksjon. Er ikkje dette noko ein bør støtte oppunder? Kvifor skal dei største, mest lettdrivne areala få mest statleg stønad? Er ikkje det eigentleg heilt bakvendt?

Klimatisk er Noreg i grenseland for fruktdyrking. Det er noko av det som gjer frukta vår så god – at ho må slåst litt for å overleve. Det gjer òg at vi ikkje kan dyrke frukt overalt, men må bruke alt arealet som kan fungere, som fruktareal, uavhengig av kor stort det skulle vere. Berre 0,4 prosent av jordbruksarealet i Noreg vert i dag brukt til dyrking av frukt og bær. Trass i at sjølvforsyninga er låg og marknaden til stades: Berre 10 prosent av epla, 22 prosent av plommene og 21 prosent av kirsebæra og morellane vi åt i Noreg i 2016, var norske.

Innovasjon Norge bør snarast mogleg svelgje vekstprinsippa sine og sjå Frukt-Noreg som det det er: sett saman av mange små fruktgardar. Hardanger er Noregs frukthjarte. Stripa med jord mellom fjord og fjell vert ikkje breiare om byråkratar vedtar at ho burde vore det.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Klimatisk er Noreg i grenseland for fruktdyrking.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis