JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå sjakkverdaKunnskap

Eit sjakkliv i parken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Verdsmeister Tal, med ein hatt laga av avispapir, spelar mot tenåringen Dmitrij Gnesin (1965–1982). Biletet er frå arkivet til Zusmanovitsj.

2063
20220114
2063
20220114

Eg reknar parksjakken i Sovjetunionen som høgdepunktet i sjakkhistoria dei siste 1500 åra. Det er ein kultur eg stadig kan henta inspirasjon frå. Parksjakken, der kjenslene kunne bløma fritt, var ein fin kontrast til det internettfrie, grå sovjetiske samfunnet.

Det sovjetiske folket var sjakk­kyndig og elska parkane sine. Her skipa dei si eiga vesle verd, amatørar og sterke sjakkspelarar som ikkje fann seg til rette i systemet. Dei spela om pengar, dei drakk, og timane gjekk. Verdsmeister Mikhail Tal var ikkje som andre verdsmeistrar, han kunne koma innom og spela lynsjakk med sjakkbohemane og bomsane.

Historia eg fortel i dag, er trist, men truverdig. Ei av kjeldene er ein av dei fremste sjakkhistorikarane frå den tida, Jakov Zusmanovitsj, som seinare emigrerte til USA.

Dmitrij (Dima) Gnesin var kjend for å spela snøgt. Han skal ha vunne mot Tal i parkane. Ein gong vann han gifteringen til stormeister Valentin Arbakov, kongen av parklynsjakk i Moskva. Dagens bilete er det einaste provet vi har på eksistensen til den tynne guten Dima, utanom nokre resultatlister frå parkturneringar, der han – med den sovjetiske tittelen «meisterkandidat» – kjempa i toppen mot den «alternative» sjakkeliten.

Ein dag i parken i 1982 møtte Gnesin ein armenar. Gnesin vann 2000 rublar, ein stor sum på den tida. Han drog heim til armenaren for å krevja inn pengane. Gnesin tok med seg kameraten Ruslan, som dreiv med karate. Ruslan venta utanfor blokka, og Gnesin gjekk opp til armenaren. Etter ti minutt ringde Ruslan armenaren frå ein telefonkiosk.

– Kvar er Dima? Eg er kameraten hans og står utanfor.

– Du må ikkje frysa, kom opp, sa armenaren.

Ruslan gjekk opp og tok av seg på beina – og fann Dima liggjande på golvet med halsen kutta over. Mordaren gjekk til åtak på Ruslan med kniven, mordvåpenet. Ruslan parerte med nokre karateslag, fekk kontroll over kniven og såra mordaren.

I retten fekk mordaren berre fire års fengsel av di saka var knytt til innkrevjing av spelegjeld.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis