Lammeadopsjon
Ei søye med tre lam på beite.
Foto: NTB
Det var mykje drama i lammeflokken, livets vanlege drama: fødsel og død. Vi barna levde sterkt med i det som hende.
Ein vanleg, og dødeleg, sjukdom var det vi kalla pulpa nyrer, ein nyresvikt. Her hadde vi ingen medisin som verka. Og lamma døydde.
Når ei søye miste det einaste lammet sitt, var det eit tragisk tap for alle, først og fremst for mora. Ho hadde framleis juret sitt sprengt av mjølk.
Her vart det brukt fantasi for å mildne tragedien. Metodar vart prøvde.
Søyene kjende lamma sine ved å lukte på dei.
I flokken der den barnlause mora levde, var det gjerne mødrer som hadde tre og opptil fire lam. Denne urettvisa måtte bøtast på. Det døde lammet vart flådd, og eit lam frå ein større flokk vart påkledd pelsen til det døde lammet.
Dette pelskledde lammet vart så vist til den mjølkesprengde mora. Ho lukta på det, og lukta må ha verka kjent. Og lammet kunne verta godkjent av den nye mora, og det fekk mjølk av henne. Ein lukkeleg familie var etablert.
Ein vellukka adopsjon var gjennomført, utan at dei to hovudaktørane, lammet og den nye mora, forstod noko som helst.
Ein annan metode var å binde den mjølkesprengde og lammelause mora inni ein krok og la eit lam frå ein annan flokk, ein adopsjonskandidat, die henne utan at ho såg kven det var som saug. Søya prøvde å motsetje seg denne tvangsdiinga, utan at det hjelpte.
Teorien var at det nye lammet då ville ta til seg lukta frå den nye mora og mjølka hennar, og at ho ville akseptere det nye lammet som sitt etter nokre veker. Metoden kunne verke, og at mora aksepterte det nye lammet då ho omsider vart sleppt laus, og ein ny vellukka adopsjon var gjennomført. Ein lukkeleg familie var etablert her også.
Vi på sauegardane levde nær sauene og lamma deira. Lammingstida var høgdepunktet i året. Då fekk vi ein avtale med far som innebar at vi fekk 10 øre når vi kunne varsle at ein fødsel var på gang. Han ville gjerne vere der om søya trong hjelp.
For det trong dei av og til. Vi fôra sauene godt, og lamma kunne vere store. Setefødslar var vanskelege, også hos søyene. Då var det godt for søya, og for lammet, å ha ei kyndig jordmor til stades.
For oss borna, som dagleg valsa rundt blant lamma og mødrene deira, vart sauehuset ein arena og ei forteljing om livets dramatikk, om liv og død, om store gleder og tunge sorger.
Det var aldri keisamt.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.