Eksentriske nederlendarar
Genna Sosonko erta på seg nederlendarane for tjue år sidan.
Nederlendarar er vel det mest liberale folkeslaget i verda – dei likar berre ikkje alt som kjem frå Tyskland. Ein skulle gjerne ha vore fluge på veggen då ein tyskar dukka opp og blanda seg med den nederlandske sjakkeliten. «Og no som vi hadde det så triveleg», sa dei og skulte på inntrengjaren.
Kven skulle trudd at nederlandske sjakkspelarar hadde fordomar? De får døma sjølve. Kor som er, verdsmeisteren deira i 1935–37, Max Euwe, er definitivt den mest normale av dei 16 verdsmeistrane i sjakkhistoria – og difor òg den dårlegaste på sjakkbrettet. Han skal likevel ha æra for å ha skipa ein sjakknasjon innimellom skeisene, kaffibarane og bordellane.
Dei som kom etter Euwe, utgjer ein fin bukett som kan fylla spaltene mine i lang tid framover. I Nederland var ein så tidleg ute med alt. Det er berre i Nederland at ein av dei kvinnelege landslagsspelarane i 1970-åra kunne ta sivilt arbeid på ein bordell.
Stormeister Genna Sosonko hoppa av frå Sovjet og flytta til Amsterdam i 1972. Han vart nederlandsk meister eit par gonger, men før meisterskapen i år 2000 ville han gje plass til nye, yngre krefter. «Korleis kan vi få meir merksemd om turneringa i pressa», spurde arrangøren den røynde russaren. «Kan de ikkje invitera den tyske venen min, Fritz? Han kan ta plassen min», svarte Sosonko.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.