Diktet
Diktet: Performativ poesi av Kurt Johanessen
Foto: Marit Hommedal / NTB
For 30 år sidan gav Kurt Johannessen (f. 1960) ut boka Øvingar (1994). Utgjevinga står sentralt i det marginale feltet som er skjeringspunktet mellom performancekunst og poesi i Noreg. Sidan har oppfølgarane Andre øvingar (2001), Andre andre øvingar (2012) og Andre andre andre øvingar (2015) kome ut, og førre året kom Andre andre andre andre øvingar (2023) ut, der vekas utvalde dikt er henta frå.
Her refererer dikta ikkje til røynsler eller hendingar som har funne stad, men dei oppmodar lesaren til å gjere noko, undersøke noko, gjerne heilt konkret. Lesinga sender tankane ut i nytt terreng. Dette er metoden Johannessen nyttar i øvingane, og ein kan kalle det ein performativ poesi: Diktet legg vekt på prosessen det set i gang, framfor å skulle representere eit ferdig avrunda heile. Diktet er ope, uavslutta.
Ein kjend føregangsfigur på feltet er Yoko Ono, ikkje minst med boka Grapefruit frå 1964, der dikta var forma som instruksjonar eller idear til kunstverk som lesarane/mottakarane sjølv kunne skape eller utføre. Slik kan poeten forsterke lesaren si deltaking og medskaping, sjølv om dette sjølvsagt er eit element i all poesi, i all kunst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.