Alekhin i 1927

Alekhin (til venstre) og Capablanca (til høgre) i unge år.
Alekhin (til venstre) og Capablanca (til høgre) i unge år.
Publisert

Verdsmeister Magnus Carlsen vert ofte samanlikna med det cubanske geniet José Raúl Capablanca (1888–1942): to vedunderborn med ei unik kjensle for spelet. Carlsen sjølv nemner VM-kampen i Buenos Aires i 1927 som den største i historia – med eit imponerande sjakkfagleg nivå om ein ser bort ifrå opningsspelet. Men Capablanca miste tittelen i denne kampen, til den yngre rivalen Aleksandr Alekhin (1892–1946).

Alekhin vart favoritten til unge Garri Kasparov då han ti år gamal fekk i heimelekse å analysera partia til den gamle meisteren. Då Kasparov var i middagsselskap hos familien Agdestein i 2004, sat ein liten gut og pirka i maten utan interesse for diskusjonen rundt bordet. Kasparov vende seg til Magnus: «Sei meg dine tre favorittar frå partisamlinga til Alekhin.» Guten tenkte seg om før han svarte med korrekt årstal, spelestad og namn på motstandaren. Dei diskuterte nokre variantar frå Alekhin-partia utan brett og brikker for handa. Magnus var usamd i nokre av analysane til Kasparov. Russaren tok far Henrik Carlsen til side: «Du må senda Magnus til Moskva, så skal vi skapa ein verdsmeister.»

Alekhin og Kasparov stod for tung variantrekning, geniale kombinasjonar med åtak på kongen og hardt arbeid med opningsteorien – det motsette av den lette, intuitive stilen til Capablanca og Carlsen. Då Alekhin og Capablanca vart inviterte på nattklubb, tok ikkje cubanaren vekk augo frå dei fagre jentene, medan Alekhin ikkje ein einaste gong såg opp frå lommesjakkbrettet. Alekhin byrja førebu seg til VM-kamp mot Capablanca alt i 1914, sju år før Capablanca vart verdsmeister i 1921. Russaren skjøna at Capablanca var mannen han ville måtte slå. Og slik vart det i 1927.

Carlsen overraska sjakkverda då han i haust ikkje nemnde åndsfrenden Capablanca, men motpolen Alekhin som favorittspelaren sin. Det er nok rett at nordmannen har mest å læra av ein Alekhin eller Kasparov. Det Capablanca kunne, kan òg Carlsen gjera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement