Skrei vert han kalla, eit namn som heng saman med å skrida eller gå. Og langvegsfrå kjem torsken, når han i vintermånadane frå januar til april gjer reisa heilt frå Barentshavet inn mot norskekysten for å gyte. Då er han seks år gamal, godt vaksen, «veltrena» og fast i kjøtet. Skreifisket har alltid vore ein viktig norsk næringsveg, og i Nordlands Trompet skriv Petter Dass om «den Nordlandske Torsk, / Som Fiskerne kalde monn’ Skreien paa Norsk, / Han nævnes maae Nordmandens Krone».
Framleis er skrei ein viktig ressurs og samstundes noko av det norskaste ein kan tenkje seg i matvegen. Sagt på anna vis: Eit måltid skrei markerer norsk identitet. Harald Sverdrup (1923–92) visste nok det. Han kom til verda i Reine i Lofoten, og slik han sjølv ein stad skriv, var han alt før fødselen «en hvirvel i Moskenesstraumen (…) en spiralbevegelse sør for Lofotveggen (…) i slekt med (…) flagellater, blekkspruter, kråkeboller, skrei, steinbit, havhester, krykkjer». Diktet hans om torsken byrjar med skildringa av det yrande livet under skreifisket, der alle yter sitt i å fange og nyttiggjere seg denne store, muskelsterke fisken med det faste, kvite kjøtet. Men så forsvinn all uro, og alt fell til ro under det nærast rituelle måltidet, der den sanselege nytinga av skreien, med alt som høyrer til, vert til ei andaktsstund for alle kring bordet. Då oppstår kjensla av ein sterk fellesskap der ein kan oppleve at norsk natur og norsk (mat)kultur går opp i ei høgare eining. Ein slik samanheng mellom skreien og det norske er det vel òg som ligg til grunn for Adam Oehlenschlägers humoristiske dikt om mannen som hadde berre ei armodsleg hytte å bu i: «Dens Eier spiste daglig Torsk; / Dog var han glad, thi han var norsk». Var den danske diktaren kan hende aldri så lite avundsjuk?
Vigdis Ystad
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.