JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Lokalhistoriewiki.no

Foto: Lokalhistoriewiki.no

2359
20180504

Ein draum i Guds hjarte

Å var eg i duldo for evigt

og aldri i dagen kom fram –

lik fræet i frostsvevnen bunde

inn under den kalde ham.

Ja var eg lukkeleg ufødd,

igjenom ævone drøymd,

ja berre som skire draum i Guds hjarte,

djupt i hans skaparsjel gøymd.

Eg vøre som draumen mot dagen

som sloknar i morgonljos

og andar ut imot sola,

lik floden, han finn sin os,

eg døyr som ein sukk i havet,

i stilla so ævestor

eg sloknar inn, so den reine samljod

andar ut mine spor.

Tore Ørjasæter

Frå Skiringsgangen. Eit draumkvede 1925

2359
20180504

Ein draum i Guds hjarte

Å var eg i duldo for evigt

og aldri i dagen kom fram –

lik fræet i frostsvevnen bunde

inn under den kalde ham.

Ja var eg lukkeleg ufødd,

igjenom ævone drøymd,

ja berre som skire draum i Guds hjarte,

djupt i hans skaparsjel gøymd.

Eg vøre som draumen mot dagen

som sloknar i morgonljos

og andar ut imot sola,

lik floden, han finn sin os,

eg døyr som ein sukk i havet,

i stilla so ævestor

eg sloknar inn, so den reine samljod

andar ut mine spor.

Tore Ørjasæter

Frå Skiringsgangen. Eit draumkvede 1925

Hjå Tore Ørjasæter (1886–1968) kjem striden mellom vilje og lagnad knapt sterkare til uttrykk enn i samlinga Skiringsgangen. Boka skildrar ein mann kuva av depresjon, ufridom og angest, på vandring gjennom eit draumelikt landskap der han møter villdyr og andre mørke makter. Han går over islagde vatn og trengjer gjennom helheim og dødsrike, før han med viljens hjelp sigrar over lagnaden og når fram til «livsens sol og fridom».

Ein slik allegori vekkjer minningar om visjonsdiktinga frå mellomalderen, der levande menneske fortel om opplevingar frå ei anna røynd. Undertittelen «Eit draumkvæde» peikar i same leia. Ørjasæter opnar med at han vil fortelja «draumane mine, / so mange / og lange», slik mellomalderdiktet «Draumkvædet» tek til med at Olav Åsteson vaknar og «tel’e sine draume». I storverket Divina Commedia frå år 1300 skildrar Dante korleis ein vandrar etter å ha gått gjenom helvetet og skiringselden til sist når eit himmelsk tilvære der han møter guddommen i form av eit blendande ljos. Det norrøne «Solarljod» frå 1200-talet kan vel òg kallast eit visjonsdikt, sjølv om hovudpersonen her er ein død mann som fortel sonen sin om ferda gjennom dødsriket, der frelsa heng saman med opplevinga «Sol eg såg».

Samlinga til Ørjasæter opnar for eit langt litteraturhistorisk attersyn. Men sjølv har han sagt at det var teosofiens verdsbilete som låg han nærast i tankane då han gav boka form. Uttrykket «den reine samljod» peikar kan henda mot denne læra, som seier at universet har opphavet sitt i ei urkraft, eit udifferensiert kosmisk stoff og ein levande intelligens som all materie og alt liv er uttrykk for og uløyseleg bunde saman med. Fortidskonjunktiven «vøre» (det vil seia ville gjerne ha vore) er uttrykk for ein lengt etter aldri å ha vore noko anna enn restlaus del av ein slik heilskap.

Vigdis Ystad

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis