JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2772
20180413

Storofsin

Ho vakna opp grenda da isforra kom.

Det ropa i gardsleom: «No bli det flom!»

Folket som nyss ha’ fått såve i fred.

No møtte dei maktin’ dei ikkje rådd’ med.

Dem ha’ seg tu husom, vart standand’ å sjå.

Ingen koinn gjørå nå te eller frå.

Der kom det eit eldhus, ei badstu, eit bur.

Ho hiksta ho Ane: «Sjå hesten hans Sjur!»

Slo seg for augom, jamra og gret.

Korleis ofsin ska’ ende, er ingen som vet.

Ælva ho flaug opp og isforra mol

og kasta åt vera ein sundsmållå stol

ein sundråssin kagge, ei tynn og ein laup,

kørgja ’na Mali, eit traug og eit staup.

Og utover gjerdon låg storsten og tre.

Slik ofsin ha flidd te – det bar itt’nå te!

Han Ola ha hekta seg fast ti ein taum

no rei’n på stokka tå husom i Maum.

Og midt millom stokkom låg bordet og flaut.

På borda’ stod skålin med oppaust graut!

Han Erik som va’ slik ein gudfrøktig mann.

No la’n til å bannast – Nei, jeven rett han –.

Astrid Krog Halse

Frå Storofsin 1971

Forfattaren, læraren og lokalhistorikaren Astrid Krog Halse (1914–2007) kom frå Meldal, der heimemålet har drag sams både med målet i Nord-Østerdalen og Inntrøndelag. I diktet her finst døme på både monoftongar og dativ, det siste vert nytta for å uttrykkja at noko er i ro på ein stad: «Slo seg for augom», «på borda stod skålin», «utover gjerdon låg storsten og tre» (dativ fleirtal av dialektordet jære eller jale, innhegna jordstykkje). Isforra tyder «isgangen», og ofse er ein tilstand av overdriving, opphissing, oppbrusing eller ekstase.

Lesarar som ikkje er så opptekne av slike målmerke, legg nok meir vekt på innhaldet. Sjølve «Storofsen» var ein flaumkatastrofe som råka Austlandet i juli 1789. Minnet om han er framleis levande. Liknande flaumar har Noreg hatt seinare òg, både i 1860, 1838 og 1995 (den siste av desse vert gjerne kalla «Vesleofsen»). Kanskje er det hendingar i 1938 Halse minnast. Men ho er ikkje den einaste flaumdiktaren vår. Ein av dei seinaste er Frode Grytten, som etter 200-årsflaumen på Voss og i Odda i 2014 skreiv langdiktet «Ho kjem den rasande elva», der han ser ein samanheng mellom storflaumen og våre dagars klimatrugsmål: «bare vent og sjå/ mi elv denne gong/ di neste gong, det kjem til å komme».

Ulukka er ikkje mindre hjå Halse, men er skildra med ein svip av svart humor – eller snarare galgenhumor? Slik knyter diktaren seg til ein tusenårig arv med røter i sagatida. Då Olav den Heilages skald og hirdmann Tormod Kolbrunarskald vart skoten i slaget på Stiklestad, reiv han pila ut av bringa si slik at sener og andre tæger slitna og fylgde med. Ifylgje Snorre skal han då ha sagt: «Vel har kongen fødd oss, feit er eg enno om hjarterøtene.» Det er vel noko slikt Aasmund Olavsson Vinje har kalla å «tala med skjemt um sine sår». Halse held tradisjonen levande.

Vigdis Ystad

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis