JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1521
20170407
1521
20170407

Det blæs for tida kring fleire ærverdige norske institusjonar. Nye leiarar vil både flytte og bygge om, og Riksarkivet planlegg å kassera dokument som i staden skal lagrast i digital form.

I desember 1839 vart Wergeland utnemnd til byråsjef i Justisdepartementet, med ansvar for leiinga av Riksarkivet, som hadde sete på Akershus slott. Ein av etterfylgjarane hans, tidlegare riksarkivar John Herstad, skriv at Wergeland vart nyskapande ved innføring av arkivfaglege hovudprinsipp. Han ville ikkje berre ha eit regjeringsarkiv, men gjera Riksarkivet til ein institusjon for nasjonen og folket, der «historisk forskning og formidling skulle stå i sentrum for virksomheten», som Herstad seier. Ifylgje eigne ord var Wergeland oppteken av «den Sparsomhed med Kassation, som maa være Grundsætning ved et Arkiv», og dersom ein vart nøydd til å kvitta seg med noko, måtte det berre skje etter strengt fagleg skjøn.

Diktet hans om arkivaren kan ha vorte til på nyåret i 1843, då Wergeland fekk ansvaret for å ordne og katalogisera dei omfattande bispearkiva for Christiania Stift. Her var det visseleg nok av gamle «skroller» (omfangsrike bøker eller protokollar; vidløftige skrifter) å taka vare på. Men sjølv om diktaren lengta ut til naturen han elska så høgt, var riksarkivarens kjærleik til fysiske dokument frå norsk soge minst like sterk. I dag, når mykje av dette fysiske dokumentmaterialet er i fare, får me vona at «revisjonistane» i det minste vil spara Wergelands dikt om arkivarens suter og gleder.

Vigdis Ystad

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis