JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Tre lykkebrev

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein dollar om dagen er bra for magen.

Ein dollar om dagen er bra for magen.

Foto: Pat Roque / NTB scanpix

Ein dollar om dagen er bra for magen.

Ein dollar om dagen er bra for magen.

Foto: Pat Roque / NTB scanpix

3198
20170929
3198
20170929

Då eg rydda i e-postboksen min her ein dag, fann eg tre e-brev som merkeleg nok hadde hamna i søppelkassa. Heldigvis opna eg dei. No er eg så hoppande glad at eg får lyst til å dele breva med heile verda, så ver så god.

NB. For ikkje å bryte enno skjøre vennskapsband, endrar eg etternamn og slikt noko, pluss at eg omset breva frå bokmål til norsk, for å unngå at nesten alle orda får raud strek. (Det er så ekkelt når teksten ser ut som om han blør.)

I alle fall er eg, som du snart skjøner, rik; eg har sagt opp alt av arbeid og bestilt heilårscruise.

Brev I – frå Lasse

Helsingar!!

Eg håper desse orda finn deg i god helse. Namnet mitt er Lasse Olsen, og eg er ein amerikansk hær som for tida jobbar i Afghanistan på ei fredsbevarande rørsle. Eg fann e-postkontakten din via norsk nettbasert nettplattform. Eg har eit godt og lønnsamt prosjekt som eg ønsker å ta med i Noreg, så eg har behov for nokon der borte som vil hjelpe meg. Vil du vite meir, ver venleg å skrive meg på den personlege e-postadressa mi: olsenlasse1@gmail.com.

Ver velsigna.

Lasse.

Brev II – frå Albert

På vegner av Microsoft Corporation Edinburgh USA deler vi ut Microsoft Edinburgh-prisen for 2017, og det er ei glede å gratulere: Du har vunne den elektroniske, tilfeldige e-postutveljinga. Målet med prisen er å oppmuntre til bruk av Microsoft-produkt, og at fleire skal bli datakyndige. Du vil få 945.000 britiske pund. Microsoft Corporation Board sender deg ein sjekk så snart du har sendt fullt namn, adresse, telefonnummer og fødselsdato til: Mr. Albert Hudson, Konsulent Betaling Utland, e-mail: albert.hudson@one.it.

NB!!! For å unngå doble krav og at uærlege aktørar misbruker ordninga, ber vi deg halde vinnaropplysningane for deg sjølv til beløpet er utbetalt. Du er med dette ÅTVARA!!!!! Gratulasjonar frå styre og tilsette i Microsoft Board Commission!!

Patrick McClean

Regional Director

©2017 Microsoft Corporation®.

Brev III – frå Diana

God dag.

Eg heiter Diana Hubert. Eg er det einaste barnet av sein ingeniør George Hubert. Mor mi døydde då eg berre var ein baby. Den seine far min var ein oljeentreprenør. Han hadde omfattande investeringar i eigedom og landbrukssektoren. Han blei ugudeleg forgifta av forretningskontaktar under eit forretningsmøte. Før han døydde i eit privat sjukehus her i Liberia, kalla han meg på senga og fortalde meg at han har summen av 7.500.000 dollar i ein fast konto. Og han brukte namnet mitt som arvingen sin. Han forklarte at det var på grunn av den enorme rikdommen at han blei forgifta ut av misunning og vondskap. Han rådde meg til å søke ut ein partnar i eit land kor eg vil overføre pengane og bruke han til investeringar som eigedoms- og hotellindustri. Ver venleg hjelper eg deg med å hjelpe deg på følgande måte:

(1) Skriv kva bankkonto der pengane skulle bli overførte til.

(2) Ten som investeringsansvarleg, sidan eg enno er ei lita jente.

(3) Ordne for meg å komme over til landet ditt og halde fram utdanninga mi.

(4) Sikre opphaldsløyve for meg i landet ditt.

Eg vil tilby deg 20 prosent av summen som kompensasjon for innsats etter vellukka overføring av fondet til kontoen din. Eg ser fram til å høyre frå deg snart.

Med venleg.

Helsing.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis