Apropos lidenskap
Treng du ein god sjekkereplikk til fellesferien? Her har du eit utval produserte (eller stolne) av Alma Ørabiti (51) i Sunnfjord Sjekkemannslag, som tok 49 kroner per stykk:
– Du er så søt at eg får tannverk.
– Er du tidsreisande? Eg ser deg i framtida mi.
– Hei, du kjenner ikkje meg, men det bør vi få retta på.
– Er du tryllekunstnar? Når eg ser på deg, forsvinn alt anna.
– Kjenner eg deg …? Beklagar, du liknar på den kommande kjærasten min.
– Kunne eg fått ein avleggar, så eg kan plante deg heime og få massevis av deg?
– Viss eg ber om ein date, vil du svare det same som du svarer på dette spørsmålet?
– Er det ein flyplass i nærleiken, eller var det hjartet mitt som tok av fordi eg såg deg?
– Du blenda meg. Eg må få namn og telefonnummer, med tanke på forsikringssaka.
– Trur du på kjærleik ved første blikk? Eller skal eg gå forbi deg éin gong til?
– Gidd du å ta ein kikk på auga mine? Eg klarer ikkje å få dei bort frå deg.
– Kan eg ta eit bilde av deg, så eg får vist folk kva eg ønsker meg?
– Ikkje at du må falle for meg, men kan du snuble litt?
– Er du kjend her? Eg ser etter vegen til hjartet ditt.
– Eg har mista jomfrudommen. Kunne eg ha fått din?
– Har du plaster? Eg fekk sår på knea no når eg fall for deg.
– Hjelp, kan du hjarte- og lungeredning? Du tok nettopp pusten frå meg.
– Du er så pen at eg får jernteppe og ikkje kjem på ein einaste sjekkereplikk.
Sjølv prøvde eg ut desse på Tons of Rock no i juni, og dei funka, for eg fekk med meg minst éin mann heim kvar kveld.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Treng du ein god sjekkereplikk til fellesferien? Her har du eit utval produserte (eller stolne) av Alma Ørabiti (51) i Sunnfjord Sjekkemannslag, som tok 49 kroner per stykk:
– Du er så søt at eg får tannverk.
– Er du tidsreisande? Eg ser deg i framtida mi.
– Hei, du kjenner ikkje meg, men det bør vi få retta på.
– Er du tryllekunstnar? Når eg ser på deg, forsvinn alt anna.
– Kjenner eg deg …? Beklagar, du liknar på den kommande kjærasten min.
– Kunne eg fått ein avleggar, så eg kan plante deg heime og få massevis av deg?
– Viss eg ber om ein date, vil du svare det same som du svarer på dette spørsmålet?
– Er det ein flyplass i nærleiken, eller var det hjartet mitt som tok av fordi eg såg deg?
– Du blenda meg. Eg må få namn og telefonnummer, med tanke på forsikringssaka.
– Trur du på kjærleik ved første blikk? Eller skal eg gå forbi deg éin gong til?
– Gidd du å ta ein kikk på auga mine? Eg klarer ikkje å få dei bort frå deg.
– Kan eg ta eit bilde av deg, så eg får vist folk kva eg ønsker meg?
– Ikkje at du må falle for meg, men kan du snuble litt?
– Er du kjend her? Eg ser etter vegen til hjartet ditt.
– Eg har mista jomfrudommen. Kunne eg ha fått din?
– Har du plaster? Eg fekk sår på knea no når eg fall for deg.
– Hjelp, kan du hjarte- og lungeredning? Du tok nettopp pusten frå meg.
– Du er så pen at eg får jernteppe og ikkje kjem på ein einaste sjekkereplikk.
Sjølv prøvde eg ut desse på Tons of Rock no i juni, og dei funka, for eg fekk med meg minst éin mann heim kvar kveld.
Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.