JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2128
20161104
2128
20161104

11. november 1918 proklamerte Polen at Polen atter var eit land, ein sjølvstendig republikk, etter 123 år som annekterte provinsar av dei tre grannelanda Russland, Preussen og Austerrike.

At denne fråsegna kom dagen etter at kommandant Jósef Pilsudski (1867–1935), «Victor» mellom vener, returnerte i løynd til Warszawa frå fangenskap i Magdeburg, Tyskland, er ikkje tilfeldig.

Pilsudski, jamfør biletet til venstre, har i polsk mytologi ein status som kan måla seg med den til Harald Hårfagre, Tordenskjold, Nansen og eidsvollsmennene – lagt i hop. Det er heller ikkje tilfeldig.

I 1912 spådde han ein snarleg verdskrig der Tyskland og Austerrike stod mot og vann over Russland. Dinest kom England, Frankrike og USA til å nedkjempa Tyskland og Austerrike. For polakkane var det då om å gjera å stå att på rette sida, meinte han, og det sikraste var å ta aktivt del i denne krigen, på den eine og/eller andre sida.

Josef Pilsudski var soldat, han slost mot kven det måtte vera som kom mellom han og eit fritt Polen, og saman med alle som kunne hjelpa han dit.

Då krigen braut ut, slutta dei polske soldatane – som han trena, organiserte og personleg leidde i felt – seg til Austerrike mot Russland. Men etter den russiske revolusjonen i 1917 vende han kappa og blei arrestert av tyskarane.

Den tyske revolusjonen sette altså Pilsudski fri 10. november 1918. Han sette Polen fri dagen etter, i eigenskap av «mellombels statsleiar» – diktator er eit anna ord. Tilhøvet til kameratane i sosialist- og kommunistpartia kolna. Dei neste tre åra vann Pilsudski-soldatane åtte grensekrigar mot grannelanda. Berre vesle Litauen heldt på sitt i grensetvisten, til irritasjon for Jósef Pilsudski, ettersom han var fødd nett der.

I 1920 rauk han på sovjethæren. Med ein siste, desperat manøver – «Mirakelet ved Wisła» – knuste Pilsudski bolsjevikane og dreiv dei ut av Polen.

Earl D’Aberon, då britisk ambassadør i Berlin, hevda at Pilsudski med det truleg berga heile Europa frå sovjetisk invasjon. Såleis er Josef Pilsudski eigenhendig bergingsmann for den vestlege sivilisasjonen, meiner somme den dag i dag. Ikkje minst i Polen.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis