JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

🎧 Norske matskattar nr. 35: HaPå

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1989
20200403
1989
20200403

Lytt til artikkelen:

Noko usunt vil naturlegvis òg finna vegen til denne spalta, som i fleire år no har markert seg som ei heilt uavhengig matspalte fri for føringar frå landbruksdepartementet, fiskarlaget, landbrukshøgskulen og opplysningskontoret for egg og fjørfe. Innsida har sidan starten lyfta fram ei rekke av dei rettar og råvarer som er med på å setta spiss på det ein eventuelt vil kalla norsk matkultur, eller berre kultur, som det av og til vert forveksla med.

Denne veka skal me til Hamar. For den som trudde at HaPå kom frå det at ein skulle ha på brødskiva si noko, tek ikkje heilt feil, men litt.

Namnet var opphavleg Hamar Pålegg, men etter kvart vart det betre kjend som berre HaPå. Eit legendarisk pålegg som er laga av kondensert mjølk, sukker, salt og sitronsyre. Me skal attende til 1949, då De Norske Melkefabrikker registrerte varemerket Hapå. Seinare skifta fabrikken namn til Nestlé, som hadde eigd han heilt attende til 1898. Ingrediensane er ikkje like spanande som miksen dei vert til i desse freistande glasa. HaPå passar dessutan i alle oppskrifter som skal innehalda karamell.

Sjølve ideen kjem faktisk frå krigsåra. Mange familiar gjorde det dei kunne for å laga litt trivsel i heimen og karamelliserte kondensert mjølk for å få tida til å gå og ungane til å vera nøgde.

Dette var noko nordmenn hadde lyst til å halda fram med etter at freden kom, men no slapp dei koka Hapå heime, sidan produktet kom i hyllene.

Fabrikken vart lagd ned i 2008, og mange skiver låg tomme og triste i nasjonen. Noko godt kjem det av og til frå Facebook, bokstaveleg nok i denne samanhengen: Eit opprør vart skipa på nettet, og Kavli tok hansken og starta opp att produksjonen.

I dag vert Hapå produsert i Bergen. Det har ikkje skifta namn til Bepå for det. Det heiter framleis Hapå, smakar godt på skiva og er ein av få matoppfinningar frå krigen som framleis fell i smak. Vassgraut og mandelpuddingerstatning er borte.

Hapå lever vidare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis