Mysteriet på Trønder-ekspressen– ei sporvogn til begjærDen siste tida har nyheitene vore prega av den trakasserande meldinga som Liv Signe Navarsete mottok for to år sidan. Ti senterpartistar i den trønderske fraksjonen var på hyttetur, og i løpet av turen
Den siste tida har nyheitene vore prega av den trakasserande meldinga som Liv Signe Navarsete mottok for to år sidan. Ti senterpartistar i den trønderske fraksjonen var på hyttetur, og i løpet av turen vart det sendt ei upassande melding. Vi har altså ti mistenkte, men få spor å gå etter. Kven er betre til å løyse slike oppgåver enn Hercule Poirot?
Dessverre fekk vi ikkje tak i meisterdetektiven på så kort varsel, men til stades i matvogna på Trønderbanen har vi den norske avløysaren Raphaël Poirée, i tillegg til dei ti politikarane.
Poirée: Mine herrar, takk for at de kunne koma hit i kveld. Eg håpar alle har fått kaffi frå kaffiautomaten. Medan vi nyt utsikta til Trondheimsfjorden og dei frodige trønderåkrane, skal vi finne ut kven som sende den giftige og slu meldinga til madam Navarsete.
Alle: ?
Poirée: Alle hadde motiv og moglegheit til å sende meldinga. Éin av dykk stod som avsendar. Det ville jo vore veldig utspekulert å sende meldinga i sitt eige namn, for ingen ville sendt noko slikt frå sin eigen konto, og dermed ville ein automatisk sleppe mistanke.
Alle: Men ...
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.