JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Velkomen til alt det der

Meisterleg om kor utruleg fjerne vi kan vere i dei næraste relasjonane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sondre Midthun har skrive ein oppfølgjar til debutromanen.

Foto: Cappelen Damm

3688
20170526
3688
20170526

Roman

Sondre Midthun:

Farvel til alt dét

Cappelen Damm

Boka med den lokkande tittelen Farvel til alt dét er oppfølgjaren til Sondre Midthuns debutroman Kom aldri nærmere (2011), som skildra ein oppvekst med ein terroriserande far og ei sjølvutslettande mor. I Farvel til alt dét er hovudpersonen blitt vaksen. Han har flytta frå Nord-Noreg til Oslo, er sambuar med Karin og jobbar som journalist i Dagbladet. Av og til er han heime i nord hos slektningar. Det er som regel skakande. Men det er det i hovudstaden òg. Forkastingane ligg i han sjølv.

Løgn avlar løgn

I all denne notida på 512 sider er det det underliggjande frå fortida som gjer at ein eigentleg ikkje opplever romanen som lang. Hovudpersonens rolle i farens forsvinning i den førre romanen heng gjennom handlinga, som frykt for at nokon skal finne det ut, og som lengt etter å tilstå, bringe sanninga opp i dagen. At løgn avlar løgn får ein syn for segn for: Hovudpersonen kritiserer kalkulerte og upålitelege menneske rundt seg, som sambuaren Karin, men lyg sjølv i hytt og vêr, kvite og kolsvarte løgner, og det er nærliggjande å tru at det kjem av at alle relasjonane han har i dag, anten starta med ei løgn eller på eit tidspunkt slutta å involvere sanning. Alt går i det store og heile tilbake til historia med faren.

Ting losnar på eit vis når han får letta hjartet sitt. Men det losnar òg fordi han alt har rakna: Romanen er ei klassisk «gå i hundane»-forteljing, der hovudpersonen gjer stadig meir oppsiktsvekkjande ting parallelt med at han blir ramma av Den Store Fortrenginga.

Er komplekst oppskrytt?

Farvel til alt dét er ikkje halden like stram som forgjengaren, men er ikkje utflytande av den grunn. Forfattaren gir oss inngåande og meisterlege skildringar av nære relasjonar – mellom sambuarar, familie, vener, kollegaer og framande – og av analysane av møta eller sambanda, heilt ferske frå topplokket til hovudpersonen. Skildringane kan vere treffande, pinlege, sympatiske eller utmattande, alt etter tur, men kanskje først og fremst avslørande. Bestekameraten Gustav seier til hovudpersonen: «– Det jeg sier er bare at du har en utrolig evne til å tro at ting er uklare eller skjulte, når de egentlig er helt åpenbare.»

Dette blir tidligare òg sagt om barnets natur: Barn trur dei har løyndomar, men for dei vaksne rundt dei er dei heilt opp i dagen. Eg opplever dette som ei nøkkelinnsikt i romanen, og det er lesaren som får han, saman med fleire av karakterane rundt hovudpersonen – ikkje sistnemnde. I siste instans kan det tyde at vi ikkje er så åleine med alt som det kan verke som når vi til dømes kapslar oss inn i ei løgn. Vi blir sett, og kanskje blir vi sett både klårt og utan dikkedarar.

Drøftar språket

Om vi ser, høyrer og skjønar kvarandre, har mykje å gjere med kva språk vi tilbyr kvarandre, viser romanen. Midthun drøftar òg kva språk vi får servert i Dagbladet. Er det berre snakk om ei svekking av språket, eller har det tabloide noko å lære bort om å vere tilgjengeleg? Skildringa av kvardagen i ein tabloidavisredaksjon er svært underhaldande, og nok teken på kornet. Når eit intervjuobjekt seier at noko er «kontraproduktivt», prøver hovudpersonen å få dei til å byte det ut med det meir sitatvennlege «tåpelig». Det står på ein måte i jobbinstruksen. At han skammar seg over dette sjølv, men forsvarer det overfor arrogante kritikarar, er typisk for mellomposisjonen hovudpersonen inntek. Men det er nok betre å gå i hundane frå midten enn frå ytterkantane.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Romanen er ei klassisk «gå i hundane»-forteljing.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis