Me snakkar med cellene
Vevsprøve som syner utvikling av ein kreftsvulst i ein tjukktarmvegg. På venstre side byrjar det med ei vanleg slimhinne som i midten av prøva går over til kreft.
Kjelde: Gades Institutt
– Du må til Gades Institutt.
Eg ser med undring og vantru på fastlækjaren, og han ler.
– Nei, eg skal ikkje senda heile deg til obduksjon, berre føflekken eg nett skar av. Me må sjekka om han er vondarta.
Skulle eg spørja om ein fekk lov til å følgja med på ferda for å læra noko? Eg teier still.
Nokre dagar seinare møter eg fyrsteamanuensis Patrick Stünkel ved Høgskulen på Vestlandet på fest. Ein stad mellom fyrste og andre øl spør eg kva han balar med. Han arbeider med datasystem for patologen. Eg vert klink edru, og få minutt seinare har eg avtale om privatvising hjå Gades Institutt.
Då eg neste dag står framfor resepsjonen, må eg innsjå at han er vel vanlegvis stengd for besøk som framleis pustar. Heldigvis fekk eg mobilnummeret til Patrick på innsida. Nokre få minuttar seinare leier han meg inn, ikledd kvit frakk, for å visa meg rundt.
Rett etter at fastlækjaren tok føflekken, vart flekken lagd i formalin for ikkje å rotna og for å verta lettare å arbeida med. Vevsprøva vert send med kurer, samtidig som lækjaren rekvirerer ei patologisk undersøking frå Gades.
Etter nokre dagar kjem vevsprøva til Gades Institutt ved Haukeland sjukehus. Då vert prøva registrert og sjekka med lækjarens elektroniske melding. I tillegg får ho ei prioritering.
Eg ser meg rundt. Her ligg ulike kroppsdelar og flyt i formalin. Berre for å få noko anna å tenkja på spør eg kva som no er den vidare prosedyren.
Fyrst går prøva vidare til ei makroskopisk undersøking. Der ser ein bioingeniør eller lækjar på prøva visuelt. Undersøkjaren lagar nokre notat om det han ser, og vel/skjer ut mindre vevsbitar som vert plasserte i små kassettar.
Over natta vert kassettane sette i maskiner for prosessering. Der vert vevet infiltrert av forskjellige kjemikal. Fyrst ein del formalin for å få vevet skikkeleg stivt, etterpå alkohol for å fjerne formalinet, og så parafin til slutt. Neste morgon vert den prosesserte vevsbiten «støypt inn». Det inneber at ein heller flytande voks inn i kassetten for så å kjøla han ned rett etterpå. Resultatet er ei blokk av parafin med vevet inni.
Patrick leier meg inn i eit nytt rom. Hadde Adam Smith sett dette, hadde han nok gråte av glede: eit kveldsskift med bioingeniørarstudentar som har teke arbeidsdeling til eit nytt nivå. Det er herleg å tenkja på at sjølv etter siste fase i livet vert ein handsame effektivt.
– Med ein spesiell maskin, mikrotom, kan det takast eit tverrsnitt av vevsblokka for å framstilla eit snitt på berre tre til fire mikrometer tjukn. Desse snitta vert så lagde på glas, forklarar Patrick.
Det neste som skjer, er at glasa går vidare til farging. Glasa vert utsette for ulike kjemikal for å framheva visse cellestrukturar inn i vevet. Det som er oftast brukt, er kombinasjonen av hematoxylin (som gjer cellekjernane blå) og eosin (som gjer resten av cellestrukturen rundt rosa).
No kjem høgtidsstunda. Eg skal få helsa på sjølve patologen. På veg nedover korridoren fortel Patrick meg at før i tida vart glaset med ei farga prøve lagt inn i ei hylle til patologen, som henta prøvene ein gong om dagen og såg på det heile under mikroskop. No vert prøvene skanna, og det vert teke bilete med ei oppløysing som er lik som i eit mikroskop.
Bileta vert lagra på serverar på Haukeland sjukehus. Gades Institutt har lagra alle vevsprøver sidan 1940. Etter digitaliseringa kan patologen sjå på bileta og skriva rapport basert på det hen ser. Er patologen usikker, kan vevsblokka takast fram att, og nye snitt kan verta laga med andre kjemikal eller antistoff. Desse framhevar då andre ting i vevet som ein ikkje kunne sjå i fyrste omgang. Det hjelper patologen med å koma fram til ein diagnose.
Slik kan ei prøve gå nokre rundar gjennom labben. Denne omstendelege og noggranne prosedyren gjer at det tek noko tid før pasienten får prøvesvar.
Eg helsar ærbødig på seksjonsoverlege Friedemann Leh. Før eg får sagt stort, har han forklart at dei fleste prøvene ikkje inneheld kreft, men er godarta, som mi. Eg ser på dei vakre blå skjermane medan Friedemann fortel om kreft.
Eg spør korleis han analyserer bilete for å finna mogleg kreft. Han ser på meg i vantru. Han analyserer ikkje. Her er det snakk om syntese. Om å sjå heilskapen. Ein snakkar med cellene.
Eg tenkjer i mitt stille sinn at Patrick og kollegaene hans har litt av ei oppgåve med å få erstatta denne karen med kunstig intelligens.
Per Thorvaldsen
pth@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

No kjem høgtidsstunda. Eg skal få helsa på sjølve patologen.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?