JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Enkle maskiner

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hero av Alexandria, her skildra i eit gresk manuskript frå det niande hundreåret,  definerte seks enkle maskiner:

5278
20220128
5278
20220128

Dersom du spør folk om å nemne døme på teknologi, tenkjer dei truleg på fly, datamaskiner og robotar. Dette er avansert maskineri som har endra verdssamfunnet dramatisk. Ikkje berre mekanikk, men også elektromagnetisme vert utnytta til det ytste.

Men det finst òg enklare maskiner. Økser er blant dei eldste og enklaste teknologiane til menneska. Kileforma gjer det mogeleg å presse frå kvarandre til dømes fiberen i trestokkar ved å bruke kraft på øksa. Slik kløyving ville i praksis vore umogeleg med rein handkraft.

Opp gjennom historia har det skjedd ei utvikling frå dei mest grunnleggjande reiskapane til dagens høge teknologinivå, men samstundes held vi fram med å bruke dei enkle maskinene.

Arkeologar og historikarar forskar på kva tid ulike teknologiar oppstod, kva dei vart brukte til, og kva sosiale samanhengar som fanst rundt dei. Vi veit for eksempel at økser i bronsealderen hadde ein viktig rituell funksjon, langt utover det å kløyve ved (og hovudskallar).

Opp gjennom vitskapshistoria har det òg vorte gjort forsøk på å forklare meir grunnleggjande kva ein reiskap eller ei maskin er. Slike tilnærmingar har ikkje noko namn, men kan gjerne kallast maskinfilosofi. Det er i slike samanhengar omgrepet enkle maskiner dukkar opp.

Ei enkel maskin er ei mekanisk innretning som endrar retninga eller styrken på ei kraft som følgje av måten innretninga er sett saman på. Enkle maskiner utnyttar det faktum at faste stoff er formbare og kan overføre krefter. Jernet i øksehovudet skapar motkrefter når vi støyter det mot noko, og desse motkreftene utfører arbeidet som maskina er laga for.

Matematikaren og ingeniøren Hero av Alexandria (ca. 10–70 e.Kr.) er den fyrste kjende kjelda til prinsippet om enkle maskiner. Hero definerte seks enkle maskiner som var meint å dekkje inn alle dei mekaniske løysingane mennesket hadde i antikken. Dei er kile (øks), vektstong (saks), skråplan (lasterampe), hjul og aksel (vinsj), talje (heisekran) og skrue (snøfresar). Det er sjølvsagt diskusjon om denne lista, og det har kome forslag om at det finst både fem og sju enkle maskiner.

Ut frå Heros tenkjemåte kan vi seie at dei enkle maskinene er byggjesteinar for meir komplekse maskiner, og desse kan kallast samansette maskiner. Saksa har ein akse som gjer det mogleg med kraftoverføring etter vektstongprinsippet, men i tillegg har saksa to kilar som trengjer inn i tøyet eller papiret frå kvar si side og deler det jamt og fint. Dei enkle maskinene kan metaforisk tenkjast på som bokstavar i eit språk som uttrykkjer maskiner, og der orda og setningane har vorte forvanska og vidareutvikla opp gjennom tusenåra.

Ein sykkel kan til dømes vere samansett av fleire enkle maskiner: hjul på aksling i form av hjula i seg sjølv, men òg pedalar og krank. Til og med styret saman med gaffelen kan sjåast på som hjul og aksel. Sykkelen har vektstenger i bremsehandtaka på rattet og i klemmene som skapar friksjon mot hjula. Kjeda, tannhjulet og trinsehjul dannar eit taljesystem. I kva grad dette er eit ekte taljesystem, stridest dei lærde om, sidan ei talje helst skal brukast til å løfte eller dra, ikkje til å drive eit hjul rundt på ein akse.

Enkle maskiner krev tilførsel av kraft. Vi kan gjerne kalle desse kraftgeneratorane for motorar. Sjølve arbeidet ein motor utfører, er likt det arbeidet som vert utført frå den endra krafta. Friksjon reduserer sjølvsagt effekten noko. Det er denne kraftoverføringa som gjer at ein til dømes kan løfte svært tunge ting ved hjelp av taljer. Ein dreg mange meter tau på eine sida for å løfte ein tung gjenstand nokre få centimeter på andre sida.

I antikken var det nesten alltid menneske og dyr som utgjorde motorane, og du kan gjerne sjå for deg slavar som dreg tunge steinar opp til tempelet, eller trekkdyr som går rundt og rundt for å skru vatn opp frå ei gruve. Kroppar er sjølve sett saman av enkle maskiner, til dømes er armar og bein vektstenger som lettar rørslene våre. Kroppar inngår difor som komponentar saman med dei faste stoffa og utgjer til saman maskiner.

Etter den industrielle revolusjonen vart motorar og maskiner mykje meir avanserte, og ein utnyttar vanlegvis krefter frå eksplosjons- eller elektromotorar. Motorar er forresten også samansette av enkle maskiner, som ein ser til dømes i dei mange hjula og vektstengene i ei dampmaskin.

Hydraulikk gjer at krafta som kan brukast på vedkløyving, er langt større no enn då kløyveøksa rådde. Ein velutstyrt moderne traktor er som ein sveitsisk kniv av enkle maskiner. Han har ikkje berre vedkløyvar (kile), men til dømes også høysvans (vektstenger), vinsj (hjul på aksel), bakskuff (skråplan) og snøfresar (skrue).

Dei enkle maskinene er med oss overalt i kvardagen, til dømes i form av naglesaks, brødkniv, elsparkesykkel og apparat for styrketrening på treningssenteret. Difor burde det finnast eit fag som maskinfilosofi, og det burde vende seg ikkje berre til ingeniørstudentar, men til oss alle.

Vi treng å lære om verkemåtane til maskinene i livet vårt og den tette samanhengen det er mellom oss og dei. Vi er jo fullstendig avhengige av enkle maskiner og burde forstå dei skikkeleg.

Lars Nyre
og Bjørnar Tessem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hero definerte seks enkle maskiner som var meint å dekkje inn alle dei mekaniske løysingane mennesket hadde i antikken.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis