Reportasje
Sulis-variasjonar over kopar og bitcoin
Gruvedrifta i Sulitjelma vart innstilt i 1991. Dinest kollapsa samfunnet. No vert det mynta nokre bitcoin der. Storstilt eksport av kopar er avløyst av sal av eit og anna digitalt tal.
Industrielle samtidsruinar: betong, graffiti, tida som går vidare.
Alle foto: Ørjan Ingvaldsen / Haltenbanken
Eg trudde eg hadde kome til helvete, seier den pensjonerte gruvearbeidaren Ottar Skjellhaug. Han kom til Sulitjelma som ung mann i 1979 etter tre år i kolgruvene på Svalbard.
– Sulis var røyk, larm, ureining. Og hardt arbeid: to skift kvar dag i gruvene, døgnet rundt med smelting og andre industrielle prosessar. Langvatnet midt i gruvesamfunnet vart nytta til dumping av alt mogleg.
På Svalbard låg han og arbeidde i gruva. I Sulis kunne han stå oppreist. I slutten av 1970-åra var det enno 500 tilsette hos Sulitjelma Gruber. Dei produserte den reinaste koparen i verda. Alt gjekk til eksport mot betaling i hard valuta.
I si tid var Sulitjelma Gruber A/S det største koparverket i landet. I fyrstninga, frå 1891, var det svensk alt saman: Føregangsmannen for gruvedrifta her var ein mann frå Helsingborg som både var konsul og heitte Nils Persson. Han og særleg Skånska Superfosfat- och Svafvelsyrefabriks AB var storeigarar i Sulitelma (utan j) Aktiebolag med hovudsete i Stockholm.
«Svensketida» varte fram til mars 1930. Då vart brorparten av aksjane selde til Société d´Electro-Métallurgie de Dives i Frankrike. Frå 1933 eigde og dreiv det norskeigde selskapet Sulitjelma Gruber, fram til Elkem A/S tok over aksjemajoriteten i 1965. Konsesjonen deira gjekk ut i 1983. Då gav Elkem opp, og staten tok over. Men høge kostnader og låge koparprisar gjorde sitt til at gruvedrifta vart avvikla åtte år seinare.
Eg møter den tidlegare gruvearbeidaren i peisestova i den gamle direktørbustaden i Sulitjelma. Huset har vore hotell frå 1980-talet, tidvis brukt til å hysa asylsøkjarar òg. Emblemet til Sulitjelma Gruber er montert på gneistfangaren framføre peisen: Ein stor S pluss bilete av gruveverktøy og teiknet på kopar (kan henda mest kjent som symbolet for hokjønn).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.