Sport

Opp og nikke?

Når den gamle lêrballen vart våt, var han tung og potensielt meir skadeleg å nikke.
Når den gamle lêrballen vart våt, var han tung og potensielt meir skadeleg å nikke.
Publisert

Viss du har heada ein langpasning i det siste, så har du sikkert tenkt over det. Det kjennest ikkje heilt helsig.

Det var i 1872, då det vart forbode å bruke hendene, at hovudspel vart ein viktig del av fotballen. Eit godt nikk funkar like bra i forsvar som framfor mål. Spørsmålet er om det funkar i lengda. På 1970-talet byrja folk å ane uråd – var det litt for mykje varige men blant dei pensjonerte fotballspelarane?

Forskarar tok til å teste kva som faktisk skjer inni hovudet ved ein ballstøyt som kan komme opp i 80 km i timen. Eitt funn var at ei heftig heading i seg sjølv ikkje er farleg. Det ein var meir bekymra for, var spelarane som kunne ha 1800 nikk året.

Tidskrift for Den norske legeforening skriv i 2020: «Skotske fotballspillere lever lenger, men har over tre ganger høyere dødelighet fra nevrodegenerativ sykdom enn andre.» Her er det ikkje konkludert, men føreslått at gjentekne traume mot hovudet er årsaka til sjukdomen. Det er forresten eit veltrena hjarte- og karsystem som gjer at spelarane lever lenger.

USA har forbode barn å nikke sidan 2015. I England skal ikkje vaksne spelarar nikke meir enn ti harde ballar på trening kvar veke. Noreg har ingen nikkereglar, verken for barn eller for vaksne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement