Sport

Menneske bak musklane

Politikarar med store musklar er uvanleg. Jan Bøhler skil seg ut.
Politikarar med store musklar er uvanleg. Jan Bøhler skil seg ut.
Publisert

Før i tida var det enklare å lese musklar, dei spegla kva du dreiv med. Ein som jobba på åkeren kvar dag, hadde meir musklar enn ein som gjorde rekneskap. No seier musklane mindre om yrket ditt, men til dels kan dei enno seie noko om kva slags typar vi er.

Ein dansk-amerikansk studie gjord i 2012 viste at storleiken på musklane faktisk speler inn på kva for eit parti ein stemmer på. Blant 1502 forsøkspersonar fann forskarane ut at mennene med store biceps var meir mot omfordeling av ressursar i samfunnet enn mennene med mindre overarmar. For kvinnene fanst det ingen samanheng.

Det kan jo også sjå ut som at treningsstudioet Haralds gym trekker til seg ein annan type menneske enn dei som trener til Birken. Store musklar er meir kvardag i nokre miljø enn i andre. Sjølv om til og med forfattarar trener no, er det tydelegvis ikkje muskelbygging dei ser ut til å drive med.

Det er fort gjort å tenke at ein som bruker så mykje tid på treningssenteret, ikkje får tid til å tenke på andre og viktigare ting. Er musklane veldig store, streifar tankane også fort innom doping og anna ulovleg uhumskt. Det er likevel ikkje sant at styrketrening treng å stele tid frå meir intellektuelle aktivitetar enn det lange uthaldande sykkeløkter på opp til fire timar gjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement