JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Liggeunderlag

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eg tvilar på at nokon får fysiske mein av å sove på eit 1970-talsliggeunderlag. Det er i hovudet det sit.

Foto: Eklund / Wikimedia Commons

1694
20230630

Sport før og no

1694
20230630

Sport før og no

Du ser det står «liggeunderlag» på pakkelista og vandrar saman med ungen din ned i kjellarbua. På idrettsstemne, korpsseminar og liknande søv ein nemleg i klasserom på betonggolv. 

I bua finn du det du håpa å finne: det grøne og kvite riflete liggeunderlaget som du hadde då du var på Norway Cup. Ungen din ser skuffa på deg. Det er ikkje godt nok, og du får ein betre idé: Kva med det oppblåsbare liggeunderlaget av skumgummi, det du hadde på speidarleir i 1995? Faktisk har du også eit tredje alternativ: ei endå tjukkare raud og blå flytemadrass. Den må vel vere midt i blinken til ostepop og YouTube-chill etter fotballkamp. 

Luksusmadrassar og dyner. Kva blir det neste? Koffert og massasje.

Foto: Eivind Hausken

Ungen har forlate kjellaren for lengst. Mest av alt er han glad for at det ikkje er du som er valt ut til å sove saman med gruppa i klasserommet. Ein rutinert forelder kjem innom. Han har brukt dei siste titals somrane på diverse idrettsstemne og kan opplyse om at ingen bruker liggeunderlag no. Ikkje sovepose heller.

Han har rett. Det som møter meg i klasserommet i Lyngdal, er luksuriøse, sjølvoppblåsbare glamping-madrassar, nærast ein halv meter høge og nokre av dei 180 centimeter i breidda. Dei har eitt laken oppå og eitt laken under – slik at madrassen ikkje skal gnikke og vekke dei andre. Oppå madrassane ligg dyner med Barcelona- dynetrekk. Faktisk er det ikkje eitt einaste liggeunderlag å spore. 

Då eg skal hente guten dagen derpå, ligg han på golvet. Madrassen er punktert. Madrassen til trenaren er det også hol i, han har pumpa kvar tredje time natta gjennom. 

Men verst var det med han som hadde mista proppen og sov med fingeren i ventilen. 

Maren Bø

Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis