JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Kasseraren og mugga

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eg veit ikkje om det er akkurat slik dagens kasserar ser ut, men han noterer i alle fall gladeleg kva som går inn og ut.

Foto: Frank May / NTB

1666
20231006
1666
20231006

Litt meir stas enn å bli vald inn til FAU er det å ende som kasserar i idrettslaget.

Når valet skal skje, flakkar blikka. Enkelte spøkjer høgt om eigen mattedysleksi, og sannsynet er stort for at blikka stoppar på ho eller han som alt jobbar profesjonelt innanfor økonomi. Har dei tid til å føre vaffelkvitteringar? Kva viss dei får ein vara? Den utvalde rettar ryggen. Han er stolt, men vil samstundes ikkje vise det for godt, for det er jo ei bør, dette her. «Eg tek det», seier han likevel med tyngde.

Kasseraren har ansvaret for kassa, som i ein anonym vestlandsklubb på 1960-talet, berre var ei mugge. Mugga med mynt og lappar stod trygt heime på kjøkkenet til kasseraren. Om det var ynske om nye drakter eller pengar til innsatspokalen, måtte kasseraren heim og sjå i mugga. Visstnok brydde han seg ikkje stort om å føre kva som gjekk inn og ut. Det viktigaste var at mugga ikkje blei tom.

I nært samarbeid med materialforvaltaren, som passa på at draktene sat, og at tuten på XL-1-flaskene ikkje smuldra, måtte kasseraren uansett vere klar til å gi rapport på årsmøtet. 

Kasseraren finst enno i idrettslaga, både i omgrep og som person, men no har han vanlegvis ein rekneskapsførar å samarbeide med. Det er meir pengar å halde styr på, og han har eit større ansvar enn før. I motsetning til i dei store velorganiserte bedriftene med kontrollar i alle endar, er det ikkje like lett å ha oversikt i eit idrettslag der det meste blir gjort på dugnad. Det finst nok av døme på dei som har fått for mange lappar å halde styr på. 

Mugga har ikkje plass til millionar heller.

Maren Bø

Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis