I form med bilen
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
Den tidlegare diskosutøvaren Stein Johnson gav i 1968 ut ei bok som heiter I form med bilen. Ein tittel det var umogleg å ikkje bli nysgjerrig på, kjente eg. Skulle ein komme i form inne i bilen og gjere øvingar i baksetet, eller skulle ein trene ved bilen, til dømes armhevingar inntil panseret? Eller kanskje skulle ein dra bilen etter seg?
Bodskapen i boka er at bilføraren bør vere i god fysisk og psykisk stand, for eigen trivsel og for trafikktryggleiken på vegane. Lystvekkjande mosjon, inni og utanfor bilen, blir difor tilrådd: «Gjør man det, kan man trygt fortsette med å kjøre sin bil, se på fjernsyn og nyte allverdens komfort.»
Det beste med treningslitteratur 50 år tilbake i tid er den lystige stemninga. Det handlar om «bøy og tøy» og «noen enkle øvelser som kan utføres på noen sekunder i dagens løp på arbeidsplassen eller i TV-stolen», og for all del: «Hast ikke når De går, men gled Dem, og la tankene kretse om nære og positive ting som stimulerer sinnet.»
Jovial biltrening frå 1968. Avslutt med «... f.eks. en kopp kaffe med sukker».
Utdrag frå I form med bilen av Stein Johnson.
Kk.no har faktisk ein artikkel, skriven i 2010, som heiter «Tren i bilen», og her handlar det om dei som er så mykje inne i bilen at dei er nøydde til å trene der. Favorittøvinga mi er overarm: «Ta tak i håndtaket over vinduet og tenk at du skal dra seg selv opp av setet (ikke ta for hardt i for det tåler nok ikke hele vekten din!).»
Eg ser det føre meg. Handtaket raknar mens sveitten doggar på vindauga. Heldigvis minner KK oss på å ikkje gjere øvingane mens ein køyrer.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Den tidlegare diskosutøvaren Stein Johnson gav i 1968 ut ei bok som heiter I form med bilen. Ein tittel det var umogleg å ikkje bli nysgjerrig på, kjente eg. Skulle ein komme i form inne i bilen og gjere øvingar i baksetet, eller skulle ein trene ved bilen, til dømes armhevingar inntil panseret? Eller kanskje skulle ein dra bilen etter seg?
Bodskapen i boka er at bilføraren bør vere i god fysisk og psykisk stand, for eigen trivsel og for trafikktryggleiken på vegane. Lystvekkjande mosjon, inni og utanfor bilen, blir difor tilrådd: «Gjør man det, kan man trygt fortsette med å kjøre sin bil, se på fjernsyn og nyte allverdens komfort.»
Det beste med treningslitteratur 50 år tilbake i tid er den lystige stemninga. Det handlar om «bøy og tøy» og «noen enkle øvelser som kan utføres på noen sekunder i dagens løp på arbeidsplassen eller i TV-stolen», og for all del: «Hast ikke når De går, men gled Dem, og la tankene kretse om nære og positive ting som stimulerer sinnet.»
Jovial biltrening frå 1968. Avslutt med «... f.eks. en kopp kaffe med sukker».
Utdrag frå I form med bilen av Stein Johnson.
Kk.no har faktisk ein artikkel, skriven i 2010, som heiter «Tren i bilen», og her handlar det om dei som er så mykje inne i bilen at dei er nøydde til å trene der. Favorittøvinga mi er overarm: «Ta tak i håndtaket over vinduet og tenk at du skal dra seg selv opp av setet (ikke ta for hardt i for det tåler nok ikke hele vekten din!).»
Eg ser det føre meg. Handtaket raknar mens sveitten doggar på vindauga. Heldigvis minner KK oss på å ikkje gjere øvingane mens ein køyrer.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.