JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Tre
klassiske duellar

Det er mykje å tenkja på for Magnus Carlsen etter Norway Chess i Stavanger. Han kan byrja med å analysera partia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I den sterkaste turneringa i sjakkhistoria er kvart parti verdt eit studium. Dei tre siste til Carlsen baud på tre klassiske oppgjer. Her mot Karjakin i nest siste runde. Til venstre Levon Aronjan, som vann turneringa.

Foto: Joachim Steinbru/Norway Chess

5169
20170623

Altibox
Norway Chess.
Stavanger, 5.-16. juni 2017

10 spelarar (alle mot alle)

Sluttstillinga etter 9 rundar:

1. Aronjan ARM 6

2. Nakamura USA 5

3. Kramnik RUS 5

4. Caruana USA 4.5

5. So USA 4.5

6. Giri NED 4.5

7. V-Lagrave FRA 4

8. Anand IND 4

9. Carlsen NOR 4

10. Karjakin RUS 3.5

5169
20170623

Altibox
Norway Chess.
Stavanger, 5.-16. juni 2017

10 spelarar (alle mot alle)

Sluttstillinga etter 9 rundar:

1. Aronjan ARM 6

2. Nakamura USA 5

3. Kramnik RUS 5

4. Caruana USA 4.5

5. So USA 4.5

6. Giri NED 4.5

7. V-Lagrave FRA 4

8. Anand IND 4

9. Carlsen NOR 4

10. Karjakin RUS 3.5

Det er den klassiske historia om møtet mellom Garri Kasparov og 14-årige Magnus Carlsen på eit hotellrom i Oslo romjula 2004. Dei analyserer eit parti Carlsen har spela mot Aleksej Sjirov. «Han var betre enn eg trudde», seier Carlsen om Kasparov etter analysen. Kasparov inviterer Carlsen-familien til treningsleir i Moskva eit halvt år seinare. Når Carlsen forlèt den russiske hovudstaden, får han ei heimelekse for dei neste dagane: «Send meg analysar av fire av tapspartia dine. Analysér kvart parti i minst fire timar utan datamaskin.»

14-åringen orkar ikkje, og samarbeidet vert avslutta. Verdsmeister Mikhail Botvinnik, som heldt VM-tittelen i 15 år med to avbrot, spela berre eit par turneringar i året. Resten av tida skulle ein analysera og læra av feila sine.

I Stavanger, den sterkaste turneringa i sjakkhistoria, er kvart einaste parti verdt eit studium. Dei tre siste partia til Carlsen baud på tre klassiske oppgjer.

Knust av Kramnik

Den sjuande runden mot den elegante eksverdsmeisteren Vladimir Kramnik (41) var eit møte med ei forhistorie. Då Carlsen byrja trena systematisk med Kasparov i 2009, fem år etter det fyrste møtet i Oslo, arva han rivaliseringa mellom dei to russarane. Kramnik vann tittelen frå Kasparov i 2000. Kasparov kunne ikkje tilgje Kramnik, og før eit parti mellom nordmannen og den russiske sjakkaristokraten i 2010 siterte den bråkjekke unge Carlsen sjølvaste Haakon Lie: «Jeg skal knuse han som ei lus». Carlsen tapte, avslutta nok ein gong samarbeidet med Kasparov, og Kramnik hoverte: «Carlsen er min favorittklient.»

Men etter 2010 har Kramnik tapt mange gonger og aldri vunne mot Carlsen – før denne kvelden i Stavanger. Kramnik spela eit praktparti i Stavanger Konserthus. Carlsen gjekk inn i ein variant av italiensk opning som han kjende frå VM-kampen mot Karjakin. Men Kramnik kom med ein sterk ny idé og fekk initiativet. I midtspelet vart Carlsen fullstendig utkalkulert av russaren. Etter eit fyrverkeri av kreativitet frå Kramnik var sluttstillinga enkel og prosaisk:

Dei to tapa til Carlsen mot Aronjan i runde 4 og Kramnik i runde 7 vil gå inn i sjakkhistoria som to absolutte meisterverk.

Paradoksalt
mot Karjakin

«Carlsen kjem snart attende», trøysta Kramnik dei norske journalistane. Med ei dårleg avslutning på den allereie elendige turneringa kunne Carlsen mista fyrsteplassen på ratinglista til nett Kramnik. Heilt ute av form sette Carlsen seg ned i åttande runde og byrja gå til åtak med kvit mot Sergej Karjakin (27). Den «russiske forsvarsministaren» verja seg godt, slik han gjorde i New York. Carlsen ofra ein bonde, og så ein bonde til. Han syntest vera desperat etter ein siger, og tok store sjansar.

Det som berre lukkast éin gong i New York, å bryta ned forsvaret til Karjakin i klassisk sjakk, skjedde no i Stavanger då Karjakin tenkte 27 minutt på trekk 41. Trekket var ein avgjerande feil, og Carlsen kunne like etter avgjera partiet med ein liten kombinasjon.

Det var godt for verdsmeisteren endeleg å vinna eit parti, sjølvsagt, men det var overraskande at det skulle skje mot solide Karjakin. Å spela så hardt på vinst er til vanleg eit teikn på sjølvtillit, men etter turneringa var Carlsen defensiv og spak: «Eg spelar utan sjølvtillit og tru på at eg kan vinna sjakkparti». Om det er rett, så har Carlsen framleis viljen til å vinna (slik som mot Karjakin), men ikkje trua. Ein ny kombinasjon for Carlsen.

Attersyn med Anand

Og til dessert fekk det norske sjakkpublikummet ei attersyn med den indiske veteranen Vishy Anand (47). Anand vann VM-kampen mot sin gode ven Kramnik i 2008. Han har dei same sjakkaristokratiske faktene som russaren, og valde den same opninga mot Carlsen i runde 9 som Kramnik spela to dagar tidlegare.

På ny fekk Carlsen problem i italiensk opning, ei opning alle sjakkborn lærer seg av di ho er så enkel. Båe spelarane får utvikla lauparen på kongefløya, og opnar såleis opp for ein pedagogisk kort rokade.

Anand hadde førebudd ei lita overrasking i trekk 13, og fekk eit overtak. «Carlsen har vorte føreseieleg i opninga, og må arbeida meir», kommenterte Kramnik. Etter partiet fekk Anand referert dette synspunktet, og han vart spurd om han var samd i kritikken av verdsmeisteren. «Ein interessant tanke frå Kramnik. Eg må tenkja meir på det», svara Anand.

Kor som er, Carlsen synte på ny at han var ute av form då han hamna på defensiven. Men heilt gale var det ikkje då han til slutt ofra ein bonde og berga remis med aktivt spel.

«Var resultatet i Stavanger under pari?» spurde TV2 då verdsmeisteren vitja studio etter turneringa. «Under pari og under pari, Fru Blom. Det er noko av det elendigaste eg har gjort på sjakkbrettet», svara Carlsen.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Carlsen kjem snart attende», trøysta Kramnik dei norske journalistane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis