Snørr og bartar
Då desemberskodda letta og remisane tok slutt, såg vi kva som var gale i London. Magnus Carlsen var forkjøla.
«Eg trudde òg eg var Supermann», seier blikket til Carlsen rett etter tapet mot Nepomnjasjtsjij. Manager Espen Agdestein og sonen skjønar alvoret i situasjonen.
Foto: Lennart Ootes, Grand Chess Tour.
London Chess Classic
1. desember – 11. desember 2017.
Ti spelarar, ni rundar (alle mot alle).
Sluttstillinga:
1 Caruana, Fabiano 2799 USA 6
2 Nepomnjasjtsjij, Jan 2729 RUS 6
3-5 Vachier-Lagrave, Maxime 2789 FRA 5
3-5 So, Wesley 2788 USA 5
3-5 Carlsen, Magnus 2837 NOR 5
Samanlagt Grand Chess Tour 2017 (fem turneringar)
1 Carlsen, Magnus NOR
2 Vachier-Lagrave, Maxime FRA
3 Aronjan, Levon ARM

Éin gong var joletradisjonen slik at Noreg kvart år i desember sende eit joletre til London. Så skjøna ein i Oslo kommune at denne gåva var dyr og upraktisk. Det var betre å senda Magnus Carlsen. Og slik vart det.
Carlsen har vunne turneringa fire gonger sidan starten i 2009. Ingen andre spelarar har vunne meir enn éin gong i London. Men jamvel når han ikkje vinn, handlar det meste om verdsmeisteren. Det er X-faktoren, Northug-faktoren eller Zlatan-faktoren, om ein vil.
Krimsjuke og hovudverk
Å spela sjakk på høgste nivå 5-6 timar kvar dag med krimsjuke og hovudverk er eit mareritt. Berre spør Sergej Karjakin, guten frå Krim, som ikkje vann eit einaste parti i London. Men for eit drama ei god krimsjuke kan gi publikum når sjukdomen råkar rett person. Medan dei andre elitespelarane, ni friske menn i sin beste alder, heldt fram med den eine meir keisame remisen etter den andre, måtte den pjuske verdsmeisteren mobilisera krefter han ikkje hadde. Viljen til å skapa eit hovudverk i årets kunstnariske produksjon var det einaste han hadde att.
Dei fem siste partia til Carlsen hadde so mykje innhald – på godt og vondt. Det som i dei fyrste rundane såg ut til å verta den mest keisame London-turneringa i historia, vart eit sjakkemosjonelt fyrverkeri. For publikum og TV-kommentatorar var spaninga òg knytt til humøret til den kronisk ubarberte verdsmeisteren på pressekonferansane etter partia. Ville ein kunne skilja snørr frå bartar?
Carlsen sjølv grynta for det meste nokre gloser om kor dårleg han spela. Men noko skal han ha: Han klaga ikkje ein einaste gong over sjukdomen som for alle andre var openberr. Carlsen nekta å spela offer. No over til partia.
4–4
Runde fem med kvit mot Wesley So (24) og runde seks med svart mot ein annan amerikanar, Hikaru Nakamura (30), vart to gigantoppgjer som heldt fram i seks timar. Carlsen pressa So og var ein millimeter frå siger; Nakamura pressa Carlsen og var ein millimeter frå siger. Slik sett var det ein viss logikk i sluttresultatet: to remisar, men i fotballspråket var dette langt frå 0–0, og meir som 4–4.
Bingosjakk
Publikum kunne ikkje klaga på spelet, men Carlsen orka ikkje fleire remisar. I runde 7 mot engelskmannen Michael Adams (46) spela Carlsen med hovudet under armen. Viljen var der, men evnene var heilt borte dei fyrste tre timane. Alt det fyrste trekket var ein provokasjon vi aldri har sett i ei seriøs turnering frå ein regjerande verdsmeister.
Carlsen–Adams, runde 7. Så offensivt har ingen verdsmeister tidlegare opna partiet.
Carlsen spela den useriøse Bird-opninga, oppkalla etter engelskmannen Henry Bird, som ifølgje Chesspedia døydde før han vart fødd (14.07.1908–11.04.1908). Partiet vart òg absurd. Adams kunne ha vunne fleire gonger i midtspelet. På mystisk vis rota Adams bort føremonen og hamna i eit heilt likt sluttspel. Då alle venta at spelarane skulle ta remis, gjekk Carlsen fram med h-bonden utan at stillinga endra seg vesentleg. Så byrja han spela eit par umotiverte trekk med kongen, men framleis var stillinga klar remis.
Fyrst etter fem timar skjedde det noko. Adams gjekk feil med kongen, og Carlsen kunne spinna eit uventa geometrisk mattnett. Det vart ein mirakuløst ven slutt på eit elles fælsleg parti.
0–4
Med sigeren mot Adams var Carlsen plutseleg med i kampen om turneringssiger. Han måtte berre vinna med kvit i runde 8 mot kameraten Jan Nepomnjasjtsjij (27) frå Russland. Carlsen såg ikkje frisk ut, og opninga gav heller ikkje særleg von om snarleg betring.
Carlsen–Nepomnjasjtsjij, runde 8. Så slapt har ingen verdsmeister tidlegare opna partiet.
Det vesle bondetrekket c2–c3 frå kvit har ikkje noko namn. Det er ikkje verdig seriøse analysar. Carlsen seier med eit slikt trekk at han like gjerne kan spela svart, føremonen som kvit interesserer han ikkje. Men når det er sagt, gjekk midtspelet langt betre enn venta. Carlsen fekk initiativet, og datamaskinane synte at han hadde ein vinstkombinasjon.
Det som skjedde vidare, er det dårlegaste eg har sett frå ein verdsmeister. Stormeister Yasser Seirawan kommenterte at Carlsen gjorde feil han til vanleg ikkje vil gjera i eitt-minutts
lynsjakk. Dermed vart det nok eit tap for Carlsen mot «Nepo». Dei to fyrste tapa kom då gutane var 12 år gamle; det tredje kom i 2011 og det fjerde no i London. Carlsen har aldri slått russaren som han nyttar som sparringspartnar før VM-kampar.
Opptur
Etter ein slik nedtur var trua på siste parti på botn. Carlsen skulle spela svart mot Levon Aronjan (35), armenaren som har vore den store formspelaren i 2017. Carlsen såg som vanleg ikkje frisk ut undervegs, og stillinga etter opninga var ikkje god. Men han kjempa heroisk – ikkje på jakt etter remis, men etter siger. Langt inne i den femte speletimen kom sigeren ingen andre enn Carlsen hadde trudd på.
Dermed vann Carlsen Grand Chess Tour 2017 og over ein million kroner. Carlsen fekk fram eit smil i den snørrete barten då han skjøna at han var best samanlagt òg i eit dårleg år.
Atle Grønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det som i dei fyrste rundane såg ut til å verta den mest keisame London-turneringa i
historia, vart eit sjakkemosjonelt fyrverkeri.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.