Slutt for
aristokraten
Volodja Kramnik syner fram ideane sine for Botvinnik (lengst til høgre) og Kasparov (lengst til venstre).
«I alle sentrale sjakkopningar dei siste 25 åra er det Vladimir Kramnik som har stått for dei viktigaste nye ideane,» sa armenaren Levon Aronjan denne veka. Magnus Carlsen gjev ikkje slike komplimentar, men etter VM-kvalifiseringa i 2013, då han vann med minimal margin føre Kramnik, sa han: «Eg hadde venta at Kramnik skulle vera best førebudd i opninga, men ikkje at han skulle vera så mykje betre enn oss andre.»
Då Kramnik slo Carlsen i Norway Chess i Stavanger i 2017, gav han nordmannen eit råd: «Carlsen spelar overflatisk med svart mot kongebonden og må byrja arbeida med opningane sine.» Eg trur ikkje Carlsen lika det rådet, men eg trur han høyrde etter. Kan henda var det etter dette tapet Carlsen byrja tenkja på det sicilianske paradigmeskiftet som kom under VM-kampen i 2018 (sjå referatet frå Wijk aan Zee-turneringa på side 21).
Russaren Vladimir Kramnik (43) er aristokraten i sjakkverda, høgreist og arbeidssam som Tolstoj-karakteren Levin i Anna Karenina. Den historiske bragda hans er sigeren mot Garri Kasparov i 2000, det mest overraskande tronskiftet i VM-historia. Kasparov er framleis rasande etter tapet som gjorde at han la opp som ein bitter mann fem år seinare. Denne veka kom Kramnik på sisteplass i Wijk aan Zee, og verdsmeisteren frå 2000 til 2007 annonserte at han no gjev seg som sjakkspelar.
Som alltid i historia var det ein slump som gjorde at Kramnik vart eit sjakkgeni. Mora var musikklærar og faren var skulptør i ein liten by ved Svartehavet utan sjakkultur. Faren spela nokre parti kvar kveld med vesle Volodja, men då guten var 10 år gamal, slo han alle dei vaksne i byen og stagnerte. Det var då ein lokal entusiast i løynd sende eit brev til patriarken i sovjetisk sjakk, Mikhail Botvinnik (verdsmeister fyrste gong i 1948), som i lag med Kasparov dreiv den beste sjakkskulen i Sovjet. Botvinnik kasta nesten alltid slike brev, men hadde her teft nok til å svara med ein invitasjon. Volodja og familien flytta til Moskva for å studera med dei største meistrane.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.