JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Skodde over London

Verdsmeisteren spelar gode sjakktrekk, men noko plagar han. Kan henda er det alle remisane som går han på nervane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5182
20171208

London Chess Classic
1. desember – 11. desember 2017.

Ti spelarar, ni rundar (alle mot alle).
Stillinga etter fire rundar:

1 Caruana, Fabiano 2799 USA 2.5

2–9 Nepomnjasjtsjij, Jan 2729 RUS 2

2–9 Carlsen, Magnus 2837 NOR 2

2–9 Aronjan, Levon 2805 ARM 2

2–9 Vachier-Lagrave, Maxime 2789 FRA 2

2–9 So, Wesley 2788 USA 2

2–9 Anand, Viswanathan 2782 IND 2

2–9 Nakamura, Hikaru 2781 USA 2

2–9 Adams, Michael 2715 ENG 2

10 Karjakin, Sergej 2760 RUS 1,5

5182
20171208

London Chess Classic
1. desember – 11. desember 2017.

Ti spelarar, ni rundar (alle mot alle).
Stillinga etter fire rundar:

1 Caruana, Fabiano 2799 USA 2.5

2–9 Nepomnjasjtsjij, Jan 2729 RUS 2

2–9 Carlsen, Magnus 2837 NOR 2

2–9 Aronjan, Levon 2805 ARM 2

2–9 Vachier-Lagrave, Maxime 2789 FRA 2

2–9 So, Wesley 2788 USA 2

2–9 Anand, Viswanathan 2782 IND 2

2–9 Nakamura, Hikaru 2781 USA 2

2–9 Adams, Michael 2715 ENG 2

10 Karjakin, Sergej 2760 RUS 1,5

Arrangøren av London Chess Classic, Malcolm Pein, sette i gang spelet i runde fire med eit lite stikk til spelarane då han las eit par liner frå regelboka til verds-sjakkforbundet FIDE: «Målet med spelet er å truga kongen til motstandaren slik at han ikkje har noko lovleg felt å flytta til. Den spelaren som når dette målet, har sett kongen til motstandaren sjakk matt og har vunne partiet.»

Vel, Carlsen lo ikkje. Han sprudlar ikkje i London; kan henda har han lese Jane Austen: «Nobody is healthy in London, nobody can be.»

Men før vi ser på dei svarte og kvite realitetane på sjakkbretta, vil eg summera opp dei siste månadene til Carlsen: Alt har vore strålande. Han vann den store opne turneringa på Isle of Man, og han har knust all motstand i snøggsjakk og lynsjakk i maratonmatchar mot verdsstjernene Ding Liren (30,5–13,5 til Carlsen) og Wesley So (27,5–9,5 til Carlsen), og så bortetter. Så Carlsen er den dominerande spelaren i sjakkverda, men kan han overføra den gode forma til ei klassisk eliteturnering?

Den beste spelaren kan vinna ti lynsjakkparti på rad, men med lang tenkjetid er konkurrentane til Carlsen mykje betre til å forsvara seg. Det er det som no skjer i London, i parti etter parti, slik vi òg hugsar at dei sju fyrste partia i VM-kampen i 2016 mot Karjakin enda i remis.

Berre nesten

Eit par dagar før fyrste trekk vart London annonsert som arrangør av VM-kampen i november 2018. Det er store sjansar for at den neste VM-utfordraren er ein av motstandarane i årets turnering. Ein av favorittane mine er amerikansk-italienske Fabiano Caruana (25) som spela svart mot Carlsen i fyrste runde. Carlsen valde ei roleg opning og fekk ein mikroskopisk føremon. Nett slik han vil ha det. Han kunne pressa og pressa, i time etter time.

Slik heldt partiet fram i fem og ein halv time. Eg trudde Caruana skulle bryta saman, men han forsvara seg perfekt. Til slutt ofra Carlsen ein offiser som ein gest til publikum, men måtte seia seg nøgd med ei remisfestning.

Carlsen–Caruana, runde 1,
sluttstillinga.

Kvit har ei binding på den svarte hesten, men har ikkje fleire brikker som kan auka presset mot c6-feltet. Svart på si side må gå att og fram med lauparen i diagonalen d5–h1. Stillinga er død remis.

Opp til dans

Med svart i runde 2 mot russaren Sergej Karjakin (27) gjekk Carlsen offensivt ut i opninga då han valde ikkje å rokera, men gå på med bonden frå g7 til g5:

Karjakin–Carlsen, runde 2,
stillinga etter 9…g5.

Å spela slik kan berre ein nybyrjar eller ein meister gjera. Carlsen må ha kontroll på kvar einaste brikke og kvart einaste felt i hundretal av variantar før han tek ein slik kalkulert risiko. Diverre er motstandarane hans sjeldan med på dansen. Karjakin nytta føremonen som kvit til å finna ein smal sti mot eit sluttspel som enda i remis.

Nedtur

Det var lite Carlsen kunne gjera betre i dei to fyrste partia. Han var ikkje nøgd med resultata, men såg fram til eit langt parti med kvit i 3. runde mot den indiske veteranen Vishy Anand (47). Planen var å invitera Anand inn i det same torturkammeret som Caruana hadde vitja i runde 1. Frå VM-kampane i 2013 og 2014 hugsar ein at Anand gong på gong bryt saman under slikt press frå verdsmeisteren.

Carlsen ofra optimistisk ein bonde alt i opninga. Intuisjonen fortalde han at offeret ville gje kompensasjon med aktivt spel, men Anand fann fleire presise trekk og stod objektivt sett best. I staden for å pressa motstandaren i fem timar måtte ein ubarbert og vonbroten verdsmeister sjølv verja seg til remis. Carlsen såg ikkje god ut då han møtte pressa etter partiet.

Keisam perfeksjon

Å spela svart mot den aggressive franskmannen Maxime Vachier-Lagrave (27) er ein farleg akrobatisk kunst. Eg tykte Carlsen gjorde alt rett. Han ofra ein bonde i opninga og fekk to sterke lauparar mot to hestar. Lauparane kontrollerte alle diagonalane på brettet og berga remisen.

Vachier-Lagrave–Carlsen, runde 3.

Det svarte tårnet har æveleg sjakk på den kvite kongen opp og ned mellom b1 og b2, men lauparane på a5 og f5 er òg med i åtaket. Om kvit går imellom på e1 med hesten, fylgjer ein lauparsjakk på d3 og matt på e1 – eit perfekt døme på krafta i lauparparet.

Fire remisar er ikkje noko å jubla for, men eg skjønar ikkje kva Carlsen meiner når han seier at spelet er dårleg, med unnatak av eit litt optimistisk bondeoffer mot Anand. Dei beste dataprogramma i verda går god for trekka til Carlsen. Men for å vinna turneringa må ein sjølvsagt òg vinna sjakkparti. London søv tungt, men noko vil snart skje i desemberskodda.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å spela slik kan berre ein nybyrjar
eller ein meister gjera.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis