JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

På sporet av den tapte tida

Ein stressa Magnus Carlsen i tidsnaud jaga konkurrentane i dei to verdsmeisterskapane i Saudi-Arabia, men føre det 36. og siste partiet kunne ingen ta han att.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det var eit premiepodium i lynsjakken etter vår smak då Carlsen stod øvst med våre vener Karjakin og Anand på dei to neste plassane.

Foto: riyadh2017.fide.com

10891
20180105

VM i snøggsjakk
og lynsjakk

Riyadh, Saudi-Arabia,
26.–30. desember 2017

Carlsens motstandarar runde for runde i snøggsjakk (15 minutt på partiet + 10 sekund per trekk):

1. Bu Xiangzhi, Kina (tap)

2. Dobrov, Russland (siger)

3. Eljanov, Ukraina (remis)

4. Salem, Dei sameinte arabiske emirata (siger)

5. Kasimdzjanov, Usbekistan (siger)

6. Movsesjan, Armenia (siger)

7. Wang Yue, Kina (siger)

8. Svidler, Russland (remis)

9. Anand, India (tap)

10. Nepomnjasjtsjij, Russland (siger)

11. Pantsulaia, Georgia (siger)

12. Fedosejev, Russland (siger)

13. Wang Hao, Kina (remis)

14. Artemjev, Russland (remis)

15. Grisjtsjuk, Russland (tap)

Sluttstillinga i snøggsjakk open klasse:

1. Anand, India 10,5 av 15 poeng

2. Fedosejev, Russland 10,5

3. Nepomnjasjtsjij, Russland 10,5

4. Bu Xiangzhi, Kina 10

5. Carlsen, Noreg 10

6. Grisjtsjuk, Russland 10

(134 spelarar)

Ju Wenjun frå Kina vart verdsmeister i snøggsjakk for kvinner.

Carlsens motstandarar runde for runde i lynsjakk (3 minutt på partiet + 2 sekund per trekk):

1. Inarkiev, Russland (siger)

2. Sjugirov, Russland (tap)

3. Kryvorutsjko, Ukraina (siger)

4. Anton Guijarro, Spania (siger)

5. Akobian, USA (siger)

6. Bortnyk, Ukraina (remis)

7. Wang Hao, Kina (remis)

8. Anand, India (remis)

9. Grigorjants, Russland (remis)

10. Melkumjan, Armenia (siger)

11. Yu Yangyj, Kina (tap)

12. Grisjtsjuk, Russland (siger)

13. Harikrishna, India (siger)

14. Mamedjarov, Aserbajdsjan (siger)

15. Karjakin, Russland (siger)

16. Vachier-Lagrave, Frankrike (remis)

17. Petrosjan, Armenia (siger)

18. Ding Liren, Kina (siger)

19. Artemjev, Russland (siger)

20. Korobov, Ukraina (siger)

21. Aronjan, Armenia (remis)

Sluttstillinga i lynsjakk open klasse:

1. Carlsen, Noreg 16 av 21 poeng

2. Karjakin, Russland 14,5

3. Anand, India 14,5

4. Wang Hao, Kina 14

5. Aronjan, Armenia 14

6. Ding Liren, Kina 13,5

(138 spelarar)

Nana Dzagnidze frå Georgia vart verdsmeister i lynsjakk for kvinner.

Lynsjakk

Den femte dagen tok Carlsen skjegget og heldt seg unna pressa inntil alt var over. Då skjøna ein kor mykje gullmedaljen tyder for han, og alle var letta då han endeleg tok bladet frå munnen og gav eit intervju som vart fanga opp over heile sjakkverda: «Ein kan ikkje arrangera VM på ein plass der kvalifiserte spelarar frå Israel ikkje får vera med.» Det finst andre etiske problem òg, men dei kvinnelege spelarane fekk om ikkje anna lov å spela utan den vanlege saudiske kledekoden.

Tidtrøyte

Arrangementet gjekk føre seg i ein stor, moderne hall i ørkensanden, ein plass i utkanten av hovudstaden Riyadh. Skulle NRK1 verkeleg sende sjakk i fem lange dagar herfrå? Tankane gjekk til Sølve Grotmol og europameisterskapen i venting i Dortmunder Wartehalle ein gong på 1980-talet. Det hjelpte heller ikkje at den sovjetiske verdsmeisteren Mikhail Botvinnik skal ha sagt: «Eg har òg spela lynsjakk. Det var på eit tog. I 1929.»

Men då turneringa fyrst kom i gang, såg ein kvifor Magnus Carlsen reknar desse to meisterskapane som dei viktigaste turneringane i 2017, eit mellomår føre VM-kampen i klassisk sjakk i november 2018. Sjakk med kort tenkjetid er den nye tidsånda etter at Carlsen vann dobbelsiger i VM i snøggsjakk og lynsjakk i 2014. «Eg skjønar ingenting, men det er jo så spanande», seier folk til meg. Sjakken har tradisjonar attende i 1500 år, medan sjakk-klokka berre er 135 år gamal, men kvifor skal ein ikkje konkurrera i å vera «kjapp i hovudet», spør Carlsen.

Matematikken

Kor stor sjanse er det eigenleg for at favoritten kan vinna båe turneringane, slik det norske TV-publikummet rekna med? Motstandarane er hundre av dei beste spelarane i verda, og somme av dei vil statistisk sett spela over evne. Eg plar ta fram fylgjande reknestykke: Om han har 30 prosent sjanse for siger i snøggsjakk (15 minutt + 10 sekund per trekk) og 1/3 sjanse for siger i lynsjakk (3 minutt + 2 sekund per trekk), der Carlsen har endå høgare rating, har han likevel berre 10 prosent sjanse for dobbelsiger. Det høyrest rart ut, men så brutal er no eingong matematikken.

Mot Anand

Russarane har fått fram ei ny stjerne. Etter 8 av 15 rundar i snøggsjakken låg Carlsen eitt poeng bak leiaren Vladimir Fedosejev (22). I den 9. runden skulle Carlsen møta ein gamal kjenning, den indiske veteranen Vishy Anand (48). Carlsen hadde dei kvite brikkene, som aldri svikta han i VM-kampane mot Anand i Chennai og Sotsji i 2013 og 2014. Dessutan kom Anand på sisteplass i London Chess Classic før jol. Berre kona Aruna makta til slutt å overtala Anand til å dra på jobb i Saudi-Arabia. «Det er berre dette du kan», sa ho. Og Anand måtte vera samd i det.

Det vart eit intenst parti. «Eg trudde det skulle gå mot remis, men så kontrollrekna eg eit par variantar og skjøna at eg kunne vinna. Eg såg opp på Magnus, og skjøna at han nett hadde skjøna at han ville tapa», fortalde Anand seinare til indisk presse.

Carlsen–Anand, sluttstillinga (snøggsjakk)

For å gjera ei lang historie kort, ofra Anand eit tårn mot ein hest og byrja jaga kongen til Carlsen i den lange diagonalen a8–h1. Carlsen gav opp då han ikkje kunne koma unna matten på g2 utan store materielle tap.

Etter ti rundar og to dagar spel låg Carlsen heile to poeng bak Fedosejev, som ingen kunne stogga. Konkurrentane til Fedosejev venta på at Carlsen skulle ta seg av den unge russaren.

Pyrrhossiger

Den siste hurtigsjakkdagen måtte Carlsen slå Fedosejev med svart. Det såg ikkje ut til å vera mogleg, då sluttspelet var heilt daudt. Det var ei slik remisstilling der berre Carlsen i sjakkeliten orkar å spela vidare på vinst.

Fedosejev–Carlsen (snøggsjakk)

Verdsmeisteren gjekk att og fram, men lite skjedde. «Eg hadde ikkje noko å spela på, men eg såg at russaren var nervøs», sa Carlsen etterpå. Slike sluttspel er varemerket til Carlsen og har gjeve sjakkverda uttrykk som «å pressa blod ut av stein» eller «vatn ut av stein». Til slutt pipla det fram ein drope denne gongen òg. Det var ei sveitteperle frå russaren, eller kan henda var det blod. «Pila» på TV-skjermen lyste raudt, og russaren strekte fram handa. På magisk vis fekk Carlsen a-bonden i mål.

Marerittet

Men sigeren tappa Carlsen for krefter. Han var heilt tom før siste runde mot russaren Aleksandr Grisjtsjuk (34), tre gonger lynsjakkverdsmeister. Undervegs endra premissa seg for dette partiet. Anand og Fedosejev hadde avslutta turneringa med 10,5 poeng. Om Carlsen berre spela remis, ville han få delt fyrsteplass og omspel mot Anand. «Eg venta på omspelet og byrja få mareritt om Magnus for mitt indre auge. Eg ringde kona. ’Du spelar bra, slapp av. Ikkje tenk på motstandaren’, sa ho.»

Men Anand kunne pusta letta ut. Carlsen tapte, og indaren fekk møta Fedosejev i omspelet. Tretti år etter at han kom inn i verdseliten, tok det indiske snøggtoget verdsmeistertittelen i snøggsjakk. Korleis er det mogleg? «Eg arbeider hardt med sjakk kvar dag av di spelet interesserer meg», sa han til den indiske avisa Mid-day.

Ikkje tenk!

Så gjekk det ikkje vegen for Carlsen i snøggsjakk, men lynsjakken tek han, trøysta Anand dei norske journalistane. Men for Carlsen var fyrste dag med lynsjakk ein serie med dårlege trekk i parti etter parti. Mannen med den beste intuisjonen i sjakkverda forklarte seg slik: «Problema kjem når eg byrjar tenkja.» Ja, når ein tenkjer, går tida, men det verste med all grublinga er at trekka vert så dårlege.

Her skil fartsdisiplinane seg frå klassisk sjakk. I den langsame sjakken er det mogleg å rekna ganske langt og godt, medan i lynsjakk må handa gjera jobben. Om ein ikkje stolar på intuisjonen, går det gale. Lynsjakkforma er difor ikkje det same som variantrekning og vanleg sjakk. Lynsjakkforma er ferskvare, men ingen har noka oppskrift på korleis ein kontrollerer slikt. Carlsen var kor som er i elendig lynsjakkform den fyrste dagen og enda etter elleve parti på 20. plass, to poeng bak leiaren Sergej Karjakin (27).

Metamorfosen

«Eg veit ikkje kvifor, men no fungerer det», sa Carlsen. Det norske TV-publikummet fekk sjå den beste lynsjakken som har vore spela – i alle høve sidan togturen til Botvinnik i 1929. Manager Espen Agdestein konstaterte alt etter det fyrste partiet femte dag: «Forma er attende.» Ein kunne sjå korleis intuisjonen kommuniserte direkte med handa som flytta brikkene presist og snøgt. All grublinga og nølinga var borte. Carlsen knuste Grisjtsjuk med svart i fyrste parti og følgde opp med siger etter siger. I det fjerde partiet møtte han endeleg Karjakin, som vann lynsjakk-VM i fjor føre Carlsen, som den gongen fekk eit mindre raseriutbrot.

Men i år er Carlsen rolegare utanfor brettet. På brettet er han derimot uvanleg aggressiv, og russaren vart nesten sjakk matt:

Carlsen–Karjakin, sluttstillinga (lynsjakk)

Karjakin kan ikkje verja seg mot det kvite åtaket. Om han tek den kvite lauparen med tårnet, vert han matt på g7. Ein av dei mest kjende sjakk-kommentatorane, rumenske Olimpui Urcan, sa det slik: «Carlsen er på sitt beste når han synkroniserer sin indre Hulken med sin indre Mozart.»

Ingen kunne halda følgje med tempoet og spelet til Carlsen. Éin runde før slutt var leiinga til verdsmeisteren på heile to poeng. Han spela to remisar og vann åtte parti mot verdseliten på den femte dagen.

Det ferske norske publikummet følgjer sjakken entusiastisk, men har ikkje særleg brei sjakkfagleg kompetanse. Jamvel om lynsjakken på NRK1 degraderte hopprennet frå Oberstdorf til NRK2, er sjakk som TV-sport berre fem år gamal. Det var difor eit premiepodium i lynsjakken etter vår smak då Carlsen stod øvst med våre vener Karjakin og Anand på dei to neste plassane.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Eg veit ikkje kvifor, men no fungerer det», sa Carlsen. Det norske TV-publikummet fekk sjå den beste
lynsjakken som har vore spela – i alle høve sidan togturen til Botvinnik i 1929.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis